Praktisk informasjon

Her finn du praktisk informasjon for deg som er ansatt i Akuttmottak.

​​​Arbeidstid

Vi har ulike vakttypar som begynner til forskjellige tider. Dette er markert i turnusen din. De mest vanlege vaktene er:

07.00 - 15.00  Dagvakt
08.00 - 15.00  Dagvakt
11.00 - 19.00  Mellomvakt
14.45 – 22.00 Kveldsvakt 
21.45 – 07.15 Nattevakt

Alle onsdagar i turnus er markert med A7. Vakta begynner kl. 13.30, og det er då enten personalmøte eller undervisning frå interne eller eksterne førelesarar.

Det er viktig at du møter presis og i arbeidsuniform til vakta starter då du skal avløyse nokon som gjerne vil gå heim.

Skulle det oppstå ein situasjon som gjer at du blir forseinka, må du gi beskjed om dette til seksjonsleiar med ein gong på tlf. 55 97 25 26 på dagtid eller ringe vaktleiar på telefon 55 97 79 30.

 

Sjukdom

Ved sjukdom må du gi beskjed til seksjonsleiar på dagtid, tlf. 55 97 79 26. På ubekvem arbeidstid ringer du vaktleiar på tlf. 55 97 79 30.

Det er viktig at du gir beskjed så tidleg som mogeleg slik at vi kan få inn ein ny sjukepleiar på di vakt.

 

Bytte av vakt

Om du ønskjer å bytte vakt, må du i utgangspunktet bytte med nokon som har lik kompetanse som deg sjølv. Spørsmål om vaktbytte legg du inn i MinGat og skal godkjennast av seksjonsleiar.

 

Pause

Akuttmottak er ei travel avdeling store tider av døgnet. Vi kan ikkje styre aktiviteten, pasientane kjem til alle døgnets tider, men av erfaring veit vi at pasienttilstrøyminga er størst frå tidlig formiddag til sein ettermiddag.

Det er lurt å ha ete før du kjem på jobb, men også viktig at du tar deg tid til å ete i løpet av vakta. Vi har ikkje faste lunsjtider i Akuttmottak, men et når det er tid og anledning for det. Det er viktig at du sjølv passer på at du får i deg mat!

Spør gjerne koordinerande sjukepleiar, eller eventuelt vaktleiar om du kan ta pause. Han / ho har oversikt over avdelinga og om det er pasientar det hastar med å ta imot.​