Kurs

Når du som nyansatt kjem til Akuttmottak, er det obligatoriske kurs for alle nyansatte ved Haukeland universitetssjukehus.

​Alle kurs er tilgjengeleg via kurskatalogen i Læringsportalen:

  • Brannvern
  • Informasjonssikkerheit
  • Smittevern
  • Meldekultur (Synergi)
  • Kompetanseportalen
  • MinGat
  • DIPS eigentreningsprogram


​Etter kvart som du blir meir kjent i avdelinga, vil du få tilbod om fleire faglege kurs. Nokre av kursa er obligatorisk, andre søkjer du på:

  • AHLR - avansert hjarte-lunge-redning
  • Hjartekurs
  • KITS-kurs i traumesjukepleie
  • BEST - Bedre og systematisk teamtrening
  • Gass- og kjemikaliekurs
  • TNCC - Trauma Nursing Core Course
  • Blodprøvetakingskurs
  • Lungekurs
  • Skandinavisk akuttmedisin
  • Service og samhandling
  • Akuttdagane


Prøvetaking

Laboratoria utfører rundt 90 prosent av alle prøvetakingar som blir gjort på Haukeland. Dei resterande prøvetakingane blir gjort av klinisk personell på avdelingane.

Sjukepleiarane i Akuttmottak tar alle venøse blodprøver sjølve. Dette gjeld òg alle arterielle blodgassar i samråd med lege.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.