Kollegastøtte

Kollegastøtte er eit tilbod der arbeidstakarane som opplev psykiske påkjenningar i jobbsituasjonen, får støtte og bistand frå ein kollega til å gjennomarbeide opplevingane.



Om vi ikkje gjennomarbeider traumatiske hendingar kan vi få store problem. Men om vi greier å vise følelsar og sette ord på følelsane i etterkant av hendingane, vil vi få mogelegheit til å arbeide med inntrykka på ein god måte.

I Akuttmottak har vi sjukepleiarar som kollegastøtte. Dette er eit tilbod om samtale rundt traumatiske og vanskelege hendingar som skjer på jobb. Meir informasjon om kollegastøtte får du når du startar i jobben.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.