HMS ved Akuttmottak

Det er eit nært samarbeid med leiing og verneombod når det gjeld helse, miljø og sikkerheit i avdelinga.

Akuttmottak og Observasjonsposten har felles verneombod.

​§ 6-2 Verneombodets oppgåver

Verneombodet skal ivareta arbeidstakernes interesser i saker som angår arbeidsmiljøet. Verneombodet skal sjå til at verksemda er innretta og halden vedlike, og at arbeidet blir utført på ein slik måte at omsynet til arbeidstakaranes sikkerheit, helse og velferd er ivaretatt i samsvar med bestemmingane i denne lov.

Du kan kontakte verneombodet om:

  • Mobbing og trakassering
  • Personkonfliktar
  • Luftkvalitet, belysing og støy
  • Ergonomi
  • Bruk av verneutstyr
  • Tidspress, arbeidstid og overtid
  • Detaljstyring og anna dårlig leiing
  • Einsidig arbeid
  • Vald frå klientar
  • Farleg arbeid som må stansast
  • Samarbeid med leiinga i prosjekt
  • Kartlegging av arbeidsmiljø
  • Planar for nybygg og ombygging
 

Skilnad - verneombod og tillitsvald

Verneombodet har ansvar for alle tilsette i sitt verneområde. Fagleg tillitsvald har ansvar for sine medlemmer.

 

Synergi

Synergi er eit felles elektronisk system for registrering og behandling av uønskte hendingar. Uønskte hendingar omfattar pasientrelaterte hendingar, HMS / skadar på tilsette, driftsrelaterte hendingar og hendingar knytta til informasjonssikkerheit.

Å melde i Synergi er eit viktig hjelpemiddel for å belyse, informere og få satt i gang ein prosess for å utbetre uønskte hendingar både i Akuttmottak og i resten av føretaket. Det er derfor svært viktig at du som arbeidstakar melder i Synergi når det er saker som du meiner burde bli betre eller endrast på.
 

Brannvern i Akuttmottak

Akuttmottaket har eiga brannbok med evakueringsinstruks. Den blir jamnleg gjennomgått og det blir gjennomført evakueringsøving.

 

HMS-kartlegging

Det blir årleg gjennomført HMS-kartlegging i avdelinga. Dette er noko alle tilsette skal svare på, jamfør Medverknadsplikta § 2 – 3:

Arbeidstakar skal medverke ved utforming, gjennomføring og oppfølging av bedriftas systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid.

Arbeidstakar skal delta i det organiserte verne- og miljøarbeidet i bedrifta og skal aktivt medverke ved gjennomføring av dei tiltak som blir satt i verk for å skape eit godt og sikkert arbeidsmiljø.

Ved å svare på denne kartlegginga er du med å påverke arbeidsmiljøet og på bakgrunn av denne kartlegginga blir det utforma handlingsplan for avdelinga.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.