Arbeidsverktøy

Her finn du ei oversikt over dei mest brukte dataprogramma vi bruker i Akuttmottak.

​Akuttdatabasen

For å hjelpe oss å halde oversikt over pasientane som er meld til, og er i Akuttmottak, brukar vi Akuttdatabasen.

Det er eit dataverktøy som viser kva for nokre pasientar som er melde til Akuttmottak, kva avdeling dei høyrer til, kva symptom eller diagnose dei leggast inn med. Ein ser også kva hastegrad dei har, og eventuelle kommentarar om pasientane sin tilstand. I tillegg viser den kor i Akuttmottak pasientane er, kven som er pasientansvarleg sjukepleiar, behandlande lege, og kvar pasienten blir flytta etter opphaldet i Akuttmottak.

Akuttdatabasen er tilgjengeleg for alle sjukepleiarane og legane som jobbar i Akuttmottak. Alle og ein kvar har eit sjølvstendig ansvar for å følgje med på Akuttdatabasen og sette i verk mottak av "sine" pasientar. Koordinator er den som har ansvar for å fordele pasientar til sjukepleiar basert på sjukepleiars kompetanse.

 

DIPS

I Akuttmottak dokumenterer vi all pasientinformasjon i DIPS. DIPS er hovudsystem for pasientjournalen i Helse Bergen.

Grunnleggande opplæring i DIPS er basert på e-læring. Kursa ligg i Læringsportalen, og blir gjennomført ved at du følgjer instruksjonar i eigentreningsprogrammet som er aktuelt for deg, medan du dokumenterer i DIPS øvingsbase.

Du kan melde deg på introduksjonskurset i DIPS, via Læringsportalen. Ein rettleiar vil hjelpe deg med å kome i gang og kan svare på spørsmål du måtte ha.

 

MinGat

MinGat er ein sjølvbetjeningsportal for tilsette i Helse Bergen. Her finn du oversikt over eiga arbeidstid, fråvær, lønn m.m. 

I MinGat kan du sende forespørsmål til din leiar når det gjeld:

  • Ekstravakter
  • Meirarbeid/overtid
  • Forskyvning
  • Vaktbytte
  • Permisjon
  • Avspasering og ferie

Under val "Om meg sjølv" i MinGat ajourfører du informasjon om adresse og kontaktinformasjon.

Under valet "Mine lønnslipper" i MinGat finn du  lønnsslippar og lønns- og trekkoppgåver tilbake til januar 2008. Og under valet "Min timeliste" får du ei detaljert oversikt over all variabel lønn (ikkje fastlønn) som er ført på deg i MinGat.​


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.