Ny som sjukepleiar i Akuttmottak

Velkommen som ny sjukepleiar i Akuttmottak! Her finn du informasjon om Akuttmottakets organisering, arbeidsoppgåver, helse, miljø, sikkerheit, praktiske opplysningar m.m. Vi håper dette vil gjere den første tida som arbeidstakar ved Akuttmottaket lettare og meir oversiktleg.

to ansatte i akuttmottak.foto
 
​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Som nytilsett vil du møte mange nye menneske, få mange nye inntrykk og veldig mykje informasjon på kort tid. Ingen forventar at du skal hugse alle namn eller alt du har fått informasjon om med ein gong.

Ikkje ver redd for å spørre!

Alle som jobbar her er tilgjengelege for spørsmål, og vi hjelper deg gjerne med det du måtte lure på. Det er betre å spørje om korleis ting skal gjerast, enn å sette i gong på eiga hand.

Når det er noko du ikkje kan, er det viktigaste at du ber om hjelp. Ved å be om hjelp viser du oss at du har innsikt i dine eigne ferdigheiter, og er ein tryggleik for dine kolleger. Spør om du lurer på noko, her er det lov å vere ny.

Den første tida i avdelinga

Den første veka, blir du vist rundt i Akuttmottak og andre aktuelle avdelinger. Du vil også gå gjennom opplæringsplan med assisterande avdelingssjukepleiar. Etter dette vil du gå to veker saman med ein sjukepleiar på kvart skift.

Vi forventar ikkje at du er ferdig utlært på tre veker, og det er viktig at du held fram læringsprosessen på eiga hand når dei første tre vekene er ferdig.

Alle vi som jobbar her har vore ny ein gong, og kjent på følelsen av at ein ikkje har oversikt over alle arbeidsoppgåvene. Ikkje fortvil. Du kjem til å lære noko kvar dag, og etter kvart vil du kjenne at du meistrar fleire og fleire oppgåver.​
 

Lovar og reglar