3 forskarar ved ROAS (Ø Bruserud, ASB Wolff, E Husebye) har deltatt i eit internasjonalt forskningssamarbeide som har ført til ein artikkel i tidsskriftet Frontiers
Immunology med 3 forfattarar frå Bergen. I
arbeidet har forskarane studert immunreaktiviteten (antistoff) til pasientar
med polyendokrin svikt (APS-I) ved å tilsette serum til plater med protein som
er uttrykt i heile kroppen. Bioinformatiske analysar har deretter leita etter
og funne mønster for proteinreaktiviteten som går igjen hos pasientane. Metodar
som måler antistoff mot spesifikke protein kan brukast som diagnostiske
verktøy, for å følgje utvikling av sjukdom, for å måle behandling og for å
forstå og lage nye medisinar mot sjukdom.
I studien vart 100 serumprøvar frå 82 pasientar med
APS-I frå fem land brukt (Finland,
Italia, Norge, Slovenia and Estland). Pasientar frå Norge
vart rekruttert via «Register for organspesifikke autoimmune sykdommer (ROAS)»,
og alle pasientar hadde samtykka til å vere med på immunologiske studiar. Resultata
til studien viser at, i tillegg til at mange APS-I pasientar har felles
reaktivitet til nokre spesifikke protein, så har kvar pasient også antistoff
som er retta mot «private» proteinmål. Sjølv om desse måla er ulike i ulike
individ, har dei fellestrekk som kan seie noko om opprinnelsen: dei er protein
som er like i mange artar («konserverte») og dei er ofte protein som ein kan
forandre aktiviteten til ved å fjerne eller sette på eit fosfor-molekyl. Resultata
visar at spesifikke proteintrekk kan påvirke oppstarten til ein autoimmun
reaksjon, og prosjektet bidrar til forståing i korleis autoimmunitet oppstår og
verkar.
Studien
var ein oppfølgjar til artikkelen «AIRE-Deficient Patients Harbor Unique High-AffinityDisease-Ameliorating Autoantibodies», publisert i Cell i 2016.
Referanse:
Autoantibody Repertoire in APECED Patients Targets
Two Distinct Subgroups of Proteins.
Fishman D, Kisand K, Hertel C, Rothe M, Remm A, Pihlap M, Adler P, Vilo J, Peet A, Meloni A, Podkrajsek KT, Battelino T, Bruserud Ø, Wolff ASB, Husebye ES, Kluger N, Krohn K, Ranki A, Peterson H, Hayday A, Peterson P.
Front Immunol. 2017 Aug 16;8:976.