Helse Vest bruker ein datamodell for å berekne kor sannsynleg det er at du møter til time og kva faktorar som speler inn.
Dersom du har ein time kan det vere at du får ein ekstra SMS eller telefonpåminning frå poliklinikken dei neste 2 månadane.
Hensikta er å sikre at pasientar som treng helsehjelp i spesialisthelsetenesta får det.
Formål
Helse Vest skal sørge for at pasientar som treng helsehjelp får det. Bruk av datamodellar skal støtte sjukehuset i oppfølging av pasientar som har ein avtalt time. Det vil kunne bidra til at fleire pasientar får den helsehjelpa dei treng, korte ned ventetida for andre pasientar, og bidra til meir effektiv bruk av ressursar i sjukehuset. Ein pasient som ikkje møter til avtalt time er to pasientar som ikkje får ein time hos spesialist.
Helse Vest skal teste praktisk bruk av datamodellen i tre utvalde poliklinikkar i ein periode på 2 månadar, frå og med 1. mai til og med 1. juli 2021. I etterkant av utprøvinga vil prosjektet vurdere nytteverdien for deg som pasient og for helseføretaket.
Korleis fungerer det?
Helse Vest bruker statistiske metodar for å la datamaskinar finne mønster i store datamengder. Maskinen «lærer» i staden for å bli programmert. Maskinlæring som metode er brukt for å lære opp og teste ulike regneregler basert på historiske pasientkontaktar. Denne tilnærminga gjer at poliklinikkane som er med i utprøvinga får meir presise anbefalingar på kven dei skal minne om timen. Då vil færre pasientar ha behov for å få ein ekstra påminning.
Dersom du ønsker å reservere deg eller har spørsmål
Om du allereie har sagt at du ikkje ønsker påminning frå Helse Vest, respekterer vi det. Du vil ikkje få nokon påminning no heller.
Vi håper at du synast det er nyttig at vi sender deg ei påminning, men dersom du ikkje ønsker å motta nokon påminning om timen kan du reservere deg mot dette. Du kan ringe og gje beskjed om at du ikkje ønsker SMS med påminning på telefon 55 97 30 00 .
Har du spørsmål eller innspel til prosjektet, ta kontakt med oss på postmottak@helse-bergen.no og marker mail med “prediksjonsprosjekt medisinsk poliklinikk”.
Vel møtt til time!