Sosionomen hjelper deg

Sosionomen kan formidle kontakt med hjelpeapparatet utanfor sjukehuset som til dømes NAV, forvaltningseining i kommunen, bustadkontor eller forsikringsselskap.

​Ta kontakt med personalet på avdelingen/poliklinikken og be om at det vert sendt ei elektronisk tilvising til sosionom.  


 

Tema du kan drøfte med sosionomen:

  • rett til trygd
  • økonomiske tilhøve
  • aktuelle offentlege og private hjelpeinstansar
  • tilrettelegging i høve til arbeid eller skule
  • hjelp til utfylling av søknadar
  • hjelp til barn og foreldre
  • støtte og rettar for sjuke barn
  • støtte og rettar for barn som pårørande
  • tilbod frå frivillige institusjonar

Tilvisningsturinar - informasjon til helsepersonell

Vi har som mål å gje tilbud til alle som ynskjer samtale med sosionom, uansett kva avdeling på Haukeland universitetssjukehus pasient / pårørande høyrer til.


​Foreldre til barn (under 18 år) som vert lagt inn på sjukehus skal ha tilbod om samtale med sosionom. Vi ynskjer rutinemessig henvist barn og unge med kreft eller annan alvorleg sjukdom.

Sosionomane har oftast samtaler på sengepostane, men har også et samtalerom i Sentralblokka som kan nyttast ved behov.

​​Kven kan tilvise til oss?

Lege, eller eventuelt den ho / han delegerer tilvisingsrett til.

​Korleis tilvise pasientar til oss?

Interne tilvisingar: Det skal sendast elektronisk sekundærhenvisning i Dips til avdeling "MED-HBE", seksjon "Sosionom-HBE".

​Undervising

Helsepersonell er pålagt å gje undervising (opplæring) av pasient / pårørande etter Lov om spesialisthelseteneste § 3-8.

Sosionomen underviser om ulike tema ved Lærings- og mestringssenteret og på pasientskular sammen med andre faggrupper. Sosionomene underviser og om sitt fagfelt / arbeid på dei kliniske avdelingane dei er knytt til.

Konsultasjon i faglege spørsmål

Sosionomen skal gjennom sosialfagleg arbeid bidra til helhetlig behandling av pasienten. Fagpersonane på Haukeland universitetssjukehus kan per telefon eller møte konsultere sosionomen i ulike spørsmål av sosialfagleg karakter. Tema kan vere knytt til for eksempel sosialtenestelova, rus og barnevern.