Pasientar og pårørande

Pasient som er knytta til sjukehuset ved å vere innlagt på ein sengepost, pasient ved dagavdeling eller poliklinikk kan be om samtale med sosionom. Dette gjeld også pårørande til pasientane.

Ta kontakt med personalet på avdelingen / poliklinikken og be om at det vert sendt ei elektronisk tilvising til sosionom.

Barn på sjukehus

Det er spesielle reglar når det gjeld pasientar under 18 år innlagt i sjukehus. Mellom anna rett til ledsager (fortrinnsvis foreldre), skule, aktivitetstilbod m.v. Foreldre til sjuke barn skal også ha tilbod om samtale med sosionom. Alt er regulert i Forskrift om barns opphald i helseinstitusjon.


Barn som pårørande

I følge Helsepersonelloven § 10a og Spesialisthelsetjenesteloven § 3-7a skal kvar avdeling på sjukehuset ha barneansvarleg personell som skal ivareta barn som pårørande av psykisk sjuke, rusmiddelavhengige og alvorleg somatisk sjuke eller skadde pasientar. Barneansvarleg personell har eit særleg ansvar for at barna til pasientane vert ivaretatt og fulgt opp.
  

Tilbod hos Sosionomavdelinga

Informasjon

  • Gje informasjon, råd og rettleiing om trygderettigheter, økonomiske forhold, forsikringer m.v.
  • Gje råd og rettleiing i forhold til arbeid, skule og heimesituasjonen.

Kontaktformidling  

  • Formidle kontakt med hjelpeinstansar utanfor sjukehuset, både offentlege og private. Til dømes NAV (trygd, arbeid, sosialtjeneste), boligkontor, forsikringsselskap m.v.
  • Sosionomen kan bidra med å koordinere tenestene

Støttesamtaler

Samtaler om dei kjenslemessige reaksjonane som ulukke og sjukdom kan føre med seg, samt løysningsorienterte samtalar om eventuelle endringar i familie- og livssituasjon.

Undervising

Opplæring og undervising for pasientar og pårørande .

Relevante lenker

NAVHelfoLovdataPasientreiserPasientreiser - Ledsagar / reisefølgeHusbankenAvdeling for rusmedisin