Forskningsbank for blodsjukdommar

Biobanken høyrer til Hematologisk seksjon ved Medisinsk avdeling på Haukeland universitetssjukehus. Målet med biobanken er å utføre forsking innanfor fagfeltet blodsjukdommar.

Biobanken blir spesielt brukt til å kartleggje blodkreftsjukdommar, blant anna korleis blodkreftcellene / sjukdommen skil seg frå normale celler, korleis kreftcellene / sjukdommen blir påverka av behandling og korleis normale celler i kroppen også blir påverka av ulike former for kreftbehandling.

For pasientar med blodsjukdommar tar man prøver frå pasientane både når sjukdommen blir påvist, under behandling og ved kontrollar etter fullført behandling både for å undersøke kor godt behandlinga har verka og om behandlinga har gitt nokon form for langsiktig påverknad på dei friske delane av kroppen.

Målet med biobanken er også å kunne sammanlikne sjukdomsceller frå pasientar med normale celler frå friske personar. Desse sammanlikningane er heilt nødvendig for å få ei fullgod forståing av sjukdomsutvikling, effekt av behandling på sjukdommen og risiko for biverknadar ved at friske celler blir skada under behandlinga. Det vil bli tatt prøver frå friske personar og frå navlestrengsblod for friske barn. Hos desse personane vil det ikkje vere aktuelt å innhente ytterlegare blodprøver eller anna informasjon på seinare tidspunkt.

Det biologiske materialet blir oppbevart på ubestemt tid. Det enkelte forskingsprosjekt som bruker materiale frå biobanken må sende søknad om godkjenning til Regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (referert til som REK).

Informasjon om aktuelle prosjekt finn du på nettsida Forsking ved Hematologisk seksjon

Skjema og informasjon

Kontakt

Øystein Bruserud
Tlf: 55 97 29 97