100 beinmargstransplantasjonar på Haukeland

Sidan den første allogene beinmargstransplantasjonen i 2006 passerer Hematologisk seksjon ved Haukeland universitetssjukehus i desse dagar 100 transplantasjonar.

Dette vart markert med ein fagdag for pasientar, pårørande, helsepersonell og andre interesserte den 24. september 2014

Familiegivar

Allogen beinmargstransplantasjon vil seie at ein hentar stamceller frå ein annan person. Det er i motsetnad til autolog beinmargstransplantasjon, der stamceller blir henta frå pasienten sjølv.

Det er berre OUS og Haukeland universitetssjukehus i Noreg som utfører allogene beinmargstranspantasjonar. Hematologisk seksjon ved Haukeland har kapasitet til å utføre 20 transplantasjonar per år, alle på pasientar  over 16 år.  Det blir berre utført transplantasjon av dei som har familiegivar,  det vil seie at pasientane ikkje kan få beinmarg av givarar som ikkje er i slekt.

Dei som er under 16 år, og dei som ikkje har familiegivar, blir transplantert i Oslo.

I BT kan du lese historia til ein av pasientane som har fått beinmargstransplantasjon.

To typar stamcelletransplantasjon

Det finst to typar allogen stamcelletransplantasjon. Den eine, med såkalla full kondisjonering, har ei forbehandling der det blir gitt maksimalt tolerable cellegiftdosar, og såleis høg toksisitet. Behandlinga blir derfor utelukkande gitt til pasientar under 60 år utan andre vesentlege sjukdommar. 

Allogen stamcelletransplantasjon med redusert forbehandling (RIC-transplantasjon) kan bli tilbydd pasientar opptil 70 år og til yngre som også har andre sjukdommar.

Det er to pasientgrupper som er særleg aktuelle for stamcelletransplantasjon. Den største gruppa er dei som har kreftsjukdom (leukemi (blodkreft) eller lymfekreft), den andre gruppa er pasientar med beinmargssvikt som skuldast andre årsaker enn kreft.

Tøff behandling

Allogen stamcelletransplantasjon er ei tøff behandling der beinmargsfunksjonen blir slått heilt ut  slik at alle kreftceller døyr, og det blir frigjort plass til dei nye stamcellene. Fram til dei nye stamcellene festar seg i beinmargen etter 2-4 veker vil det vere behov for overføring av blod og blodplater. Pasienten vil vere utan immunforsvar og i denne fasen førekjem ofte infeksjonar. Dette er den mest kritiske fasen og nokre pasientar kan døy. Overleving etter allogen stamcelletransplantasjon er veldig avhengig av diagnose.Generelt er det 40-50 prosent sjanse for å overleve etter fire år.

Når dei nye stamcellene festar seg vil nokre pasientar få ein reaksjon som blir kalla  «transplantat-mot-vert-sjukdom» (graft versus host disease- GVHD) som kan ramme alle vev i kroppen. Reaksjonen oppstår fordi dei immunaktive cellene som blir overført saman med stamcellene vil oppleve pasientens eigne kroppsceller som framande, og derfor gå til angrep på dei.

Sjølv  om  behandlinga er tøff og kan ta livet av nokre pasientar så er det den einaste behandlinga som kan gi desse pasientane utsikter til lengre overleving.