Vanleg blodprøve kan antyde Addison sjukdom

Kan vanlege blodprøvar gi diagnostiske hint om primær binyrebarksvikt (Addisons sjukdom)? Ja, ifølgje ein ny studie av forskarar ved ROAS og Svenska Addisonregistret.

Blodprøvetaking
En enkel blodprøve kan gi hint om Addison-diagnose

​Ved primær binyrebarksvikt greier ikkje kroppen produsere tilstrekkeleg mengde av livsviktige hormon som kortisol. Sjukdommen er sjeldan og symptoma gjerne uspesifikke, for eksempel vekttap, magesmertar og generell utmatting. Dette gjer Addison til ei diagnostisk utfordring, og mange pasientar har konsultert opptil fleire legar før diagnosen endeleg blei mistenkt og dei nødvendige hormontestane utført. Tidleg diagnose er likevel viktig ettersom akutt kortisolmangel (binyrekrise) kan vere dødeleg.

I jakta på nye strategiar for tidlegare oppdaging har forskarar ved ROAS og Svenska Addisonregistret kartlagt blodprøveverdiar ved diagnosetidspunktet til 272 pasientar med primær binyrebarksvikt. Dette er den første metodiske undersøkinga av laboratoriefunn ved diagnose av Addison. Målet var å identifisere diagnostiske hint på primær binyrebarksvikt i rutineblodprøver. Studien viste at dei aller fleste hadde låg natrium, halvparten auka TSH, men berre ein tredjedel høg kalium. Andre vanlege parametre var stort sett normale.

Funn av låg natrium og høg TSH hos pasientar med uforklarlege og uspesifikke symptom bør difor vekkje mistanke om Addison og på klinisk indikasjon føre til vidare utgreiing med morgon-kortisol og -adrenokortikotropt hormon (ACTH). Artikkelen er publisert i Journal of Internal Medicine.

Referanse:
Clues for early detection of autoimmune Addison's disease - myths and realities.
Saevik ÅB, Åkerman AK, Grønning K, Nermoen I, Valland SF, Finnes TE, Isaksson M, Dahlqvist P, Bergthorsdottir R, Ekwall O, Skov J, Nedrebø BG, Hulting AL, Wahlberg J, Svartberg J, Höybye C, Bleskestad IH, Jørgensen AP, Kämpe O, Øksnes M, Bensing S, Husebye E.
J Intern Med. 2017 Nov 3. doi: 10.1111/joim.12699