APS-1 pasientar har antistoff mot særskilde typar protein

Ein veit allerede at APS-1 pasienter har antistoff mot fleire felles protein. No har forskarar undersøke blodet til 100 pasienter fra fem forskjellige land og funne autoantistoff mot ei rekke andre protein. Desse antistoffa er unike for kvar pasient, men dei har visse felles særtrekk

 

3 forskarar ved ROAS (Ø Bruserud, ASB Wolff, E Husebye) har deltatt i eit internasjonalt forskningssamarbeide som har ført til ein artikkel i tidsskriftet Frontiers Immunology med 3 forfattarar frå Bergen. I arbeidet har forskarane studert immunreaktiviteten (antistoff) til pasientar med polyendokrin svikt (APS-I) ved å tilsette serum til plater med protein som er uttrykt i heile kroppen. Bioinformatiske analysar har deretter leita etter og funne mønster for proteinreaktiviteten som går igjen hos pasientane. Metodar som måler antistoff mot spesifikke protein kan brukast som diagnostiske verktøy, for å følgje utvikling av sjukdom, for å måle behandling og for å forstå og lage nye medisinar mot sjukdom.

I studien vart 100 serumprøvar frå 82 pasientar med APS-I frå fem land brukt (Finland, Italia, Norge, Slovenia and Estland). Pasientar frå Norge vart rekruttert via «Register for organspesifikke autoimmune sykdommer (ROAS)», og alle pasientar hadde samtykka til å vere med på immunologiske studiar. Resultata til studien viser at, i tillegg til at mange APS-I pasientar har felles reaktivitet til nokre spesifikke protein, så har kvar pasient også antistoff som er retta mot «private» proteinmål. Sjølv om desse måla er ulike i ulike individ, har dei fellestrekk som kan seie noko om opprinnelsen: dei er protein som er like i mange artar («konserverte») og dei er ofte protein som ein kan forandre aktiviteten til ved å fjerne eller sette på eit fosfor-molekyl. Resultata visar at spesifikke proteintrekk kan påvirke oppstarten til ein autoimmun reaksjon, og prosjektet bidrar til forståing i korleis autoimmunitet oppstår og verkar.    

Studien var ein oppfølgjar til artikkelen «AIRE-Deficient Patients Harbor Unique High-AffinityDisease-Ameliorating Autoantibodies», publisert i Cell i 2016.

Referanse:

Autoantibody Repertoire in APECED Patients Targets Two Distinct Subgroups of Proteins.

Fishman D, Kisand K, Hertel C, Rothe M, Remm A, Pihlap M, Adler P, Vilo J, Peet A, Meloni A, Podkrajsek KT, Battelino T, Bruserud Ø, Wolff ASB, Husebye ES, Kluger N, Krohn K, Ranki A, Peterson H, Hayday A, Peterson P.
Front Immunol. 2017 Aug 16;8:976.