HELSENORGE

Utgreiing og behandling ved senteret

Senter for søvnmedisin utgreier og behandlar i hovudsak pasientar med søvnrelaterte respirasjonsforstyrringar og alvorlege hypersomniar.

Dei fleste blir utgreidd med ein nattlig søvnregistrering som gjeres heime i eiga seng, for dei som bor i rimeleg nærleik til sjukehuset. Ved mistanke om pustestans om natta (søvnapné) målast pustestrøm med ein sensor under nasen, pusterørsle med belte rundt brystkasse og mage, og surstoffmetting med ein sensor på fingeren. Ved mistanke om unormal søvnigheit på dagtid målast òg hjerneaktivitet med elektrodar/leidningar til hovudet. Det kan vere trong for å måle søvn både på natt- og dagtid. 

Alle pasientar som blir utgreidd ved senteret skal òg fylle ut eit standardisert spørjeskjema om søvn. Du vil få tilsendt en lenke til spørjeskjemaet via sms eit par veker før timen din. 

Fyrsteval for behandling av søvnapné er CPAP (continous positive airway pressure). Ved Senter for søvnmedisin vil du få grundig innføring i og oppfølging for bruk av din CPAP. Apnéskinne, kirurgi og livsstilsendringar kan òg vere aktuell behandling for nokre pasientar.

Ved Senter for søvnmedisin arbeider vi for å gi alle våre pasientar ei overordna einsretta utgreiing, og ei best mogeleg behandling. Ei anna viktig oppgåve for Senter for søvnmedisin er å leggje til rette for forsking. Alle pasientar blir derfor spurt om å delta i eit kvalitets- og forskingsregister.

Fann du det du leita etter?