Spørsmål og svar om behandling av søvnapné

Finn svar på dine spørsmål om behandling med CPAP, apnéskinne og kirurgi.

Søvnapné vert ofte behandla med CPAP (continuous positive airway pressure - kontinuerlig overtrykk i luftveiene). Apnéskinne, kirurgi og livsstilsendringar kan òg være aktuell behandling for nokre pasientar.

Vellukka CPAP-behandling er avhengig av at utstyret brukast kvar natt. For å hjelpe deg med god bruk av din CPAP maskin, har vi på denne sida samla ein del vanlege spørsmål og svar om behandlinga, om vedlikehald av utstyret samt om vanlige utfordringar. Du som bruker apneskinne kan òg få svar på vanlige spørsmål på denne sida. 

Behandling med CPAP

Kva står CPAP for og korleis fungerer den?
CPAP er ein forkorting for Continuous Positive Airway Pressure eller på norsk: kontinuerleg positivt luftvegstrykk. CPAP-behandlinga går ut på at du søv med ein maske, som via ein slange og ein kompressor skapar eit lufttrykk som held dei øvre luftvegane opne og hindrar pustestopp. CPAP er i dag den metoden som blir anbefalt som førsteval ved behandling av alvorleg eller middels alvorlig søvnapné. Metoden anbefalast óg for personer med kraftig overvekt og/eller hjerte- og karsykdomar. Behandlinga er svært effektiv. Du vil oppleve ein rask betring av søvn- og livskvaliteten. CPAP-behandling krev ein grundig søvnutgreiing og tilpassing av rett maske og lufttrykk. 

Kvifor er det vanskeleg å puste ut med CPAP?
CPAP står for kontinuerleg positivt luftvegstrykk, noko som vil seie at maskinen vil levere ein jevn luftstrøm både på inn- og utpust. Dette vil medføre at du pustar ut med motstand. Dette kan virke uvant og kan kjennast ubehageleg/ tungt for nokre, men i dei fleste tilfelle vil dette gå seg til slik at ein tolerer det betre etterkvart.

Tek det lang tid å venje seg til CPAP`en? Korti vil eg merke betring?
Dette er svært individuelt. Nokre vaknar allereie etter første natta utan utfordringar med utstyret og kjenner effekt. Andre treng lengre tid på å bli tilvent utstyret. Utfordringane i starten er at utstyret kan gje uro om natta. Særskild om ein er var for lydar. Når kroppen er blitt van med utstyret, søv ein betre. I alle fall om du har ein maske som er tett og behageleg. Tilvenningstida kan variere frå dagar til veker, alt er normalt. Det same gjeld effekten av behandlinga. Det viktige er at ein er motivert for behandlinga. Ikkje gje opp, men prøv på nytt. Dersom du skal kvile på dagtid, så bruk gjerne utstyret for å venje deg til det.

Eg har klaustrofobi. Korleis skal eg klare å bruke CPAP trass i dette?
Klaustrofobi kan gjere CPAP behandling vanskeleg. Men det finns mange ulike typar maskar ein kan prøve. Og kanskje klarar du å finne ein type du kan tole. Dersom du ikkje gjer det, må du diskutere andre behandlingstilbod med legen. Ta kontakt med Senter for søvnmedisin.​

Kan eg bli betre og heilt kvitt CPAP`en?
CPAP behandling er i utgangspunktet ein livslang behandling. Den gjev bare behandling mot pustestopp når den er i bruk. Dersom overvekt er ein del av problemstillinga, kan vektreduksjon forbetre situasjonen. Dersom du startar opp med CPAP behandling, får meir overskot i kvardagen, trener og går ned i vekt, kan du få ein ny nattleg registrering og du får vurdert situasjonen på ny.

Kan eg bli kvitt CPAP’en dersom eg går ned i vekt?
Trening og vektreduksjon vil i alle tilfelle føre til ein positiv helsegevinst. Det vil og kunne bidra positivt når det gjeld pustestoppa dine, men du blir ikkje nødvendigvis heilt «frisk» og ferdig med CPAP.

​Er det enklare å gå ned i vekt når eg brukar CPAP?
Når du bruker CPAP`en kan du oppleve å få meir overskot/energi på dagtid. Dette kan difor gjere at du blir meir aktiv og går ned i vekt.

Kor ofte må eg bruke maskinen?
For å oppnå fullgod behandlingseffekt må du bruke maskinen kvar natt heile veka, og meir enn 4 timar per natt. Maskin og maske gjev bare behandling når det vert brukt. Søv du utan maskin, er du tilbake til utgangspunktet med pustestopp og snorking.

Kva maske passer for meg?
Bruk av rett maske er avgjerande for vellukka CPAP-behandling. Ein treng maske som er komfortabel og sit tett mot ansiktet slik at lufta ikkje lekk ut av masken, sidan dette både er ubehageleg og gjer behandlinga mindre effektiv. Det finns eit stort utval av maskar som er tilpassa ulike ansiktsformer og krav. Nasepute- og nasemaskar er mest vanleg. Nokre pustar imidlertid gjennom munnen når dei søv. I slike tilfelle er som regel ein heilmaske som dekkjer både nase og munn, det beste alternativet.

Masken og den mjuke maskeputa vil etterkvart bli slitte. Eit byte av masken eller delar av masken bør vurderast årleg. Kontakt Seksjon for behandlingshjelpemiddel når dette trengs.

​Kva for masketype bør eg velje når eg pustar med munnen?
Erfaringsvis kan nokre munnpustarar klare seg med nasemaske, då dei automatisk lukkar munnen når dei får eit lufttrykk via nasen. Dersom ein likevel ikkje klarar å halde munnen igjen kan ein kombinere nasemaske med ein hakestropp, eller skifte til heilmaske som dekkjer både nase og munn.

Kan eg bruke masken dersom eg er forkjøla?
Det kjem litt an på, men det går heilt fint å prøve dette. Nokre syns det går greitt, andre klarar det ikkje. Rådfør deg eller ver forsiktig dersom du har infeksjon/betennelse i øvre luftvegar, mellomøyret eller bihular. Det kan bli ubehageleg og vondt å ha maske på som gjev lufttrykk. Dersom du kjenner smerte som er relatert til behandlinga ved forkjøling, er det lurt å ta ein pause til infeksjon eller betennelse er gått over. Trur du at du kan ha ei av desse tilstandane, ta kontakt med lege. Dersom du bare bruker nasemaske og blir forkjøla kan det vere enklare å puste gjennom ein heilmaske, for då kan du puste gjennom nase og munn. Dersom du brukar CPAP`en medan du har ein infeksjon, bør du vaske utstyret oftare enn x 1 per veke.

Kortid bør eg ikkje bruke apparatet?
Som tidlegare nemnd, må du sjølv vurdere om du vil bruke utstyret når du er forkjøla. Tett nase og nasemaske kan gjere behandlinga vanskeleg ein periode. Vurder å leggje bort utstyret nokre dagar, eller bruk heilmaske ved forkjøling. Ver obs ved tette bihular, mellomøyra og infeksjon i øvre luftvegar. Då kan trykket kjennast ubehageleg.

Rådfør deg med lege dersom du kjenner nokre av desse symptoma: Hodepine, ubehag i mellomøyret eller brystsmerter.

Skal eg ta med CPAP dersom eg blir innlagd på sjukehus?
Ja, du bør ta med CPAP`en.

Bør eg ta med utstyret på reiser?
Vi tilrår å ta med utstyret på reise. Hugs at dei nettene du ikkje brukar maskin og maske, så er du tilbake til utgangspunktet med pustestans og snorking. Men vel du å reise bort ein natt eller to utan, så er ikkje dette farleg.

Maskina har straumforsyning som omformar seg etter dei nettstraumane som fins. Det du må vere merksam på når du er på reise, er at du har med deg adapter som er tilpassa dei stikkontaktene som fins der du er. Dersom du oppheld deg i bobil, båt eller lastebil, så fins ein eigen omformar som gjer at apparatet kan drivast med straum frå eit eksternt batteri. Ta kontakt med Seksjon for behandlingshjelpemiddel for å få hjelp til dette ekstra-utstyret.

Fins det batteri til CPAP?
Ja, det fins batteri men desse har kort bruksfrist og vert ikkje dekka av helseføretaket då CPAP ikkje vert rekna som livsoppretthaldande behandling. Dette må du eventuelt kjøpe sjølv.​ 

Vedlikehald av CPAP-utstyret

Korleis og kor ofte bør eg vaske masken?
Masken din skal vaskast kvar veke i lunka vatn med mild såpe. Ikkje med antibakteriell såpe eller alkoholhaldige vaskeklutar, då desse midla vil bryte ned silikona som masken er laga av. Såpar med lotion bør heller ikkje brukast, då dei kan gjere at det legg seg ein hinne over maskeputa slik at den blir vanskelegare å få tett. Hugs at dersom du vaskar ansiktet om kvelden før du tar masken på, så gjer du det enklare å få masken tett og du kan minske hudirritasjon. I tillegg vil du forlenge levetida til masken. Det kan og vere lurt å skylle masken om morgonen etter bruk, eventuelt tørke av den med ein fukta klut. Dette for å fjerne fett eller hudrester frå huda.

​Treng CPAP årleg service?
Nei, det treng den ikkje. CPAP`ane er svært driftsikre og det er få problem med dei. Men dersom det skulle oppstå feil; ta kontakt med Seksjon for behandlingshjelpemiddel.

Kor ofte skal filter på CPAP byttas?
Kvar 6.måned skal filteret byttas.

Kor ofte kan eg få ny maske?
Vi reknar omtrent ein maske i året, men du må sjølv bestille ein ny, dette skjer ikkje automatisk. Dersom du opplever at masken blir slapp i gummien og at det lekk meir enn det brukar, kan det vere på tide med ein ny maske/membran.

Kvar får eg tak i forbruksmateriell?
Forbruksmateriell eller teknisk hjelp får du hos Seksjon for behandlingshjelpemiddel. Dei er bare tilgjengeleg på dagtid i ukedagene. Kan kontaktast via telefon (55974177), e-post; sbh@helse-bergen.no eller besøksadresse: Solheimsgaten 13 (Motorhallen), inngang A.

Forbruksmateriell som maske, slange og filter kan sendast i posten. Må du ha ny maske eller hjelp til noko på dagen, må du henvende deg i Solheimsgaten. Dersom du stikk innom for å hente forbruksmateriell utan å ha bestilt på forhand, må du rekne med litt ventetid.​​

Vanlege problem ved bruk av CPAP


Oppvakningar
I byrjinga kan CPAP utstyret uroe søvnen din, og du kan oppleve fleire oppvakingar i løpet av natta enn det du er van med. Dette er som oftast ein overgang. Du vil nok sove betre med utstyret etterkvart. Dersom du skulle vakne på grunn av ubehagelig høgt lufttrykk frå CPAP`en, tilrår vi at du slår maskinen av og på igjen. CPAP`en vil då gire seg ned og gje lågt trykk som ved innsovning.

Støy
Maskinane er laga for å minimere støy. Dersom det er maskinen, og ikkje lekkasje frå maske som lagar støy, tilrår vi å plassere maskinen på gulvet ved sida av senga. Dersom det er lekkasje og lydar frå masken, bør du sjå over masken din for å sjekke om den er korrekt samansett. Dersom du er plaga med maskelekkasje, sjå punkt om maskelekkasje.

Lekkasje
Ved maskelekkasje er det lurt å sjekka masken. Sjå etter rifter eller hull i maske eller slange. Kontakt i så fall Seksjon for behandlingshjelpemiddel for å få ny maske eller slange.

For at masken skal sitje best mogleg, bør du vaske av maskeputa kvar morgon for å få bort feitt eller restar av krem på maska. Gjer du dette, vil masken sitje betre om kvelden. Dersom du har mykje skjegg, så vil det uansett vera noko lekkasje. Eit tips kan vere å barbere seg om kvelden, for maska sit betre ved direkte kontakt mot hud. Men vi kan ikkje tvinge deg til å ta skjegget! Vil du behalde skjegget, får du berre leva med litt lekkasje. Lekkasjen treng ikkje å vera problematisk opp mot behandlinga, men den kan vera plagsam på grunn av støy. Dersom du vaknar om natta av mykje lekkasje og støy, kan det vera lurt å skru maskinen av og på igjen. Når det er litt lekkasje frå masken må maskinen kompensere for denne lekkasjen ved å auke trykket. Då kan det bli endå meir lekkasje. Når du skrur maskin av og på, går maskin ned til minimumstrykk og eventuelt ny innsovningstid. Då blir det mindre lekkasje igjen. Dersom masken er kommen ut av posisjon så kan du løfte masken ut frå ansiktet og få maskeputene i nøytral posisjon på ansiktet igjen. Vurder å etterstramme stroppane, men ver merksam på at masken ikkje blir for stram på ansiktet.

Dersom lekkasjeproblemet varer ved og du har prøvd å justere masken ved hjelp av stroppar og det uroar nattesøvnen din, bør du ta kontakt med Senter for søvnmedisin for å prøve ut nye maskar for å finne ein som passar deg betre.

Riv du av deg masken i søvne?
Vi har ikkje kontroll over det vi gjer medan vi søv. Men dersom du vaknar og oppdagar at masken er av, er det viktig å ta den på igjen. Det å rive av seg masken i søvne kan vere ein overgangsfase. Dei fleste treng litt tid til å bli van med utstyret. Dersom dette blir eit vedvarande problem, ver vennleg å ta kontakt med Senter for Søvnmedisin.

Det renn frå nasen etter start av behandling. Kva gjer eg med dette?
Nokon opplever å bli meir forkjøla eller tett i nasen etter start av CPAP behandling. Dersom du opplever dette, kan det vere teikn på at du treng ein fuktar til maskinen. Dei fleste opplever då at problemet går over. Ta kontakt med Senter for Søvnmedisin eller Seksjon for behandlingshjelpemiddel for å få utlevert ein fuktar.

Eg blir så tørr i munn/nase. Kva gjer eg?
Om du blir tørr i nase, munn og hals kan det vere aktuelt å bruke fuktar som er kobla på CPAP-maskinen. Denne gjev fuktig oppvarma luft som er skånsom mot slimhinnene, og kan førebyggje tett nase. Dersom dette er aktuelt, ta kontakt med Senter for Søvnmedisin og få ein time til opplæring av fuktar. Dersom du allereie har fuktar kobla til maskina kan det vera naudsynt å gjere endringar på fuktinnstillingane.

Dersom du bruker nasemaske og er tett i nasen kan det opplevast tungt å puste berre med nasen. Dersom fuktar ikkje hjelper mot tett nase, kan det bli aktuelt å prøve heilmaske som dekkjer munn og nase. Dersom du er vedvarande plaga med tett nase, ta kontakt med fastlege for å vurdera andre alternativ.

Kvifor fukting?
CPAP-behandling kan føre til biverknader slik som: tørrhet i nase, hals og på lepper; tetthet, betennelsar og infeksjonar i nase, hals og bihuler; naseblødning og nedbryting av bløtvev rundt naseopninga

Slike biverknader kan føre til auka luftvegmotstand i nasen. Luftvegmotstand i nasen kan gje små munnlekkasjar. Små munnlekkasjar på si side forverrar problemet gjennom å bidra til auka luftvegmotstand. Dette set opp ein syklus av munnlekkasje og luftvegmotstand i nasen. Ein luftfuktar med varmeelement tilfører luften du pustar inn varme og fukt, slik at symptoma avtek og det blir meir behageleg å puste inn luften.

Eg vaknar om natta av høgt trykk. Kva gjer eg då?
CPAP`en regulerer trykket automatisk etter behov, då vil ein kanskje merke at maskinen gjev høge trykk i løpet av natta. Nokre søv gjennom dette, medan andre kan vakne, særskilt i byrjinga av behandlinga. Den auka luftmengda skjer fordi det har vore tendensar til samanklapping av luftvegane og CPAP`en må då auke trykket for å halde ope/opne opp. Maskinen vil sjølv regulere trykket ned igjen når luftvegane er opne, men dersom du ønskjer at trykket skal redusere med det same, trykker du maskinen av og på igjen. Den vil då starte opp med låge trykk igjen.

Trykket kjennes for lågt. Kva gjer eg då?
CPAP`en regulerer trykket automatisk etter behov. Men dersom du kjenner at starttrykket er for lågt, kan dette regulerast opp. Ta då kontakt med Senter for Søvnmedisin.

Lufta frå CPAP er kald og det forstyrrar sengepartnaren min og meg. Kva gjer eg?
Alle maskar har ein utåndingsventil for å kvitte seg med lufta du pustar ut og dermed karbondioksida. Det vil naturleg nok trekkje litt frå denne, men det kan vere ulikt frå maske til maske og avheng av kva for lufttrykk CPAP`en gjev. Det enklaste er at du eller partnar snur ryggen til, men dersom ein automatisk snur seg i løpet av natta kan ein eventuelt «bygge opp» ein skiljevegg med ein dyne eller anna slik at trekken ikkje kjem rett på.

Kva gjer eg med kondens i slange og maske?
Litt kondens vil det alltid vere, men dersom det blir plagsamt mykje, slik at det surklar i systemet; ta kontakt med Seksjon for behandlingshjelpemiddel.

Kva skjer når straumen går?
Når straumen går, sluttar apparatet å virke. Det er heilt ufarleg og dei fleste vil då vakne og ta av seg masken. Nokre fryktar dei vil bli kvelt på grunn av karbondioksidforgifting, men alle maskane har små opningar (utluftingsventilar) som sikrar at ein kan puste. På maskar der nase og munn er dekte, er det og ein ekstra sikkerheitsventil som sikrar utlufting dersom straumen går eller apparatet sluttar å virke.

Må eg ta ut kontakten når apparatet ikkje er i bruk?
Dette er opp til kvar einskild å vurdere. Straumen kan godt stå i heile tida utan at det er noko problem, sidan maskina går i «stand by»-modus.

Kan apparatet brukast når det er lyn- og torevêr?
CPAP er ikkje eit livoppretthaldande utstyr. Vi frårår difor å bruke dette i torevêr. Ikkje fordi det er farleg, men for å skåne utstyret.

Virkar maskinen når det kjem feilmelding om datakortet (SD-kort) eller kortet ikkje er sett tilbake i maskinen?
Maskinen fungerer som den skal sjølv om det kjem opp feilmelding på datakortet. Det einaste som skjer er at behandlingsdata ikkje blir lagra på kortet. Det same gjeld dersom kortet ikkje er sett på rett plass i maskinen, eller manglar. Dersom du får opp feilmelding, sjekk først om datakortet står skikkelig i. Dersom det gjer det, ta kontakt med Seksjon for behandlingshjelpemiddel som då vil hjelpe deg med å skifte kort eller ta ein service på maskinen.

Kva gjer eg dersom det er noko feil på CPAP`en?
Dersom det skulle oppstå noko feil med maskinen i helga, må du vente til måndagen før du kan få hjelp. Det får ingen helsemessige konsekvensar å sove ein natt eller to utan maske, dette går heilt fint.

Behandling med apnéskinne

Apnéskinna trykker mot tenna og det er ubehageleg å ha den på.

Ein treng ofte nokre netter for å venne seg til skinna. Det er vanskeleg å hindre at apnéskinna trykker mot tenna og gjev spenningar i ansiktsmusklar/kjeveledd som kan gje forbigåande smerter og ubehag. Innan du har vent deg til apnéskinna, kan det vere ein god idé å bruke skinna i vaken tilstand. Etter eit par netter blir det meir behageleg og apnéskinna skal deretter bare nyttast når du søv. Dersom ubehaget ikkje gjev seg, må du formidle dette til tannlegen som har tilpassa apnéskinna.

Eg har meir spytt ved bruk av apnéskinne. Er dette normalt?
Nokon opplever auka spyttproduksjon i starten av behandlinga, men det brukar å gå over etter nokre veker.

​Det kjennes som om bittet ikkje passar når eg har tatt ut apnéskinna.
I byrjinga når du har tatt ut apnéskinna, kan det kjennes som at bittet ditt ikkje passar heilt når du bit tenna saman. Dette vil som oftast normalisere seg etter 20-30 minuttar. Å bite på ei lita pinne kan hjelpe bittet på plass igjen. Bittet kan etter langvarig bruk av skinna, oftast fleire år, endre seg meir permanent og då bør du kontakte tannlege.

Korleis held eg apnéskinna mi rein?
Det er ekstra viktig å børste tenna ved bruk av apnéskinne. Tannoverflatane og særskilt mellom tenna må du reingjere nøye før og etter apnéskinna har vore i bruk. Du held skinna rein ved å bruke vanleg mjuk tannkost med mild handsåpe og vatn, både før og etter bruk. Apnéskinna har du oppi vatn når den ikkje er i bruk.

Kva gjer eg dersom apnéskinna ikkje passar lengre?
Dersom apnéskinna går i stykker eller ikkje passar lengre, må du kontakte tannlegen som kan tilpasse apnéskinna. Hugs å ta med apnéskinna når du skal til den vanlege tannlegen din då sjølv mindre fyllingar i tenna kan gjere at skinna ikkje passar lengre. ​