Forskingsprosjekt

Alle som vert henvist til Senter for søvnmedisin blir spurt om å delta i eit kvalitets- og forskingsregister.

Data frå til dømes søvnregistreringar, spørjeskjema, blodprøvar og eventuelt spyttprøvar vert lagd inn i registeret. Data frå seinare kontrollar vil og bli teke inn.

Målet er å studere dei ulike søvnsjukdommane i meir detalj, og å sikra dokumentasjon av behandlingseffektar. 

For å gje best mogleg behandling og oppfølging er det trong for betre kunnskap, ikkje berre om tilstanden hos kvar enkelt pasient, men om heile pasientgruppa. Senter for søvnmedisin sitt register vil dermed danne eit viktig grunnlag både for kvalitetssikring av behandling og for forsking på søvnsjukdommar. Både kvalitetssikring og forskning er viktig og naudsynt.

Å bli registrert i søvnregisteret er frivillig og krev informert samtykkje, det betyr at pasientane må underteikne ei samtykkeerklæring før dei kan registrerast i registeret.

Prosjekt: Kartleggjing av obstruktivt søvnapnesyndrom

I dette prosjektet vil vi bruke data frå registeret til å kartleggje førekomsten av OSAS blant pasientar tilvist til senteret på mistanke om obstruktivt søvnapnesyndrom (OSAS). Vi ønskjer vidare å undersøkje samanhengar mellom OSAS og snorking, blodtrykk, kroppsmasseindeks, søvnighet på dagtid, søvnvanskar, trøtthet, angst og depresjon, og å studere førekomsten av andre søvnsjukdommar hos pasientar med varierande grad av OSAS. Prosjektet er godkjent av REK (regional etisk komitè) og vil halde fram til 2024.

Prosjekt: Behandling av obstruktivt søvnapnesyndrom

Pasienter med OSAS får tilbod om behandling i form av CPAP, apneskinne og/eller operasjon. I dette prosjektet vil vi bruke oppfylgjingsdata ved 3 månader og 1 år til å undersøkje behandlingsetterleving og effektar av behandling på OSAS, komorbiditet og psykisk og somatisk helse. Både objektive mål og selvrapporterte data vil nyttast. Prosjektet er godkjend av REK (regional etisk komitè) og vil halde fram til 2028.

Publikasjoner:

Lundetræ RS, Saxvig IW, Pallesen S, Aurlien H, Lehmann S, Bjorvatn B. Prevalence of parasomnias in patients with obstructive sleep apnea. A registry-based cross-sectional study. Front Psychol 2018:9:1140.

Tveit RL, Lehmann S, Bjorvatn B. Prevalence of several somatic diseases depends on the presence and severity of obstructive sleep apnea. PLoS One 2018:13(2):e012671.

Bjorvatn B, Rajakulendren N, Lehmann S, Pallesen S. Increased severity of obstructive sleep apnea is associated with less anxiety and depression. J Sleep Res 2017 (Epub ahead of print).

Bjorvatn B, Lehmann S, Gulati S, Aurlien H, Pallesen S, Saxvig IW. Prevalence of excessive sleepiness is higher whereas insomnia is lower with greater severity of obstructive sleep apnea. Sleep Breath 2015:19(4):1387-93.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.