Rehabilitering

Har du KOLS eller annan kronisk lungesjukdom? Då er lungerehabilitering noko for deg.

Lungeavdelinga i Helse Bergen har eit tilbod til deg med pusteproblem som skuldast Kronisk Obstruktiv Lungesjukdom (KOLS) eller andre kroniske lungesjukdommar.

Dette er eit tilbod for dei som har KOLS i stadium III eller IV, eller annan kronisk lungesjukdom uavhengig av alder. Målet med kurset er å meistre sjukdommen og kvardagen betre.

Kursinnhald 

  • Motivering til røykeslutt
  • Trening
  • Undervisning i tema som sjukdomslære og medikamentbruk, energiøkonomisering, pusteteknikk og avspenning


Kurset er i grupper på 12 personar som møtes tre dager i veka i fem veker. Du vil få trening, undervisning og veiledning av eit tverrfagleg team samansett av sjukepleiarar, fysioterapeutar, lege og sosionom. 

Programmet er endringsfokusert og har som mål å auke din kunnskap om KOLS og korleis ein kan leve best mulig med sjukdommen.

For å bli med på kurs tar du kontakt med fastlegen din og ber om henvisning til Lungeavdelinga si rehabiliteringseining. 

Ved spørsmål kan du kontakte oss måndag og onsdag mellom klokka 10.00 og 14.00 på telefon 55 97 40 86.