Jobbe på Lungeavdelinga

Har du lyst til å arbeide i eit spennande og engasjert fagmiljø i ei av Noregs største lungeavdelingar?

​Som tilsett hos oss får du ta del i ei stor og veldreven avdeling og vi tilbyr god opplæring og rettleiing til nytilsette. Vi arbeidar for kvalitet og samarbeid og hospitering mellom einingane i avdelinga, noko våre tilsette set stor pris på.

Sjukepleiar og hjelpepleiar

Som sjukepleiar og hjelpepleiar hos oss vil du arbeide på ei avdeling med høg aktivitet og varierte utfordringar. Du lærer pleie og behandling til akutt og kronisk lungesjuke. Stillingane er anten knytt til poliklinikk, ein av våre sengepostar eller i kombinasjonsstilling mellom poliklinikk og sengepost. Sjukepleietenesta samarbeider med Høgskolen i Bergen om videreutdanning i lungesjukepleie (60 st.p).

Legar

Legane hos oss arbeider både i poliklinikk og ved sengepost. Vi har ei felles vaktordning i primærsjikt og tett samarbeid med Hjerteavdelinga og Medisinsk avdeling. Dette gjer at du som LIS lege kan rotere mellom avdelingane for å tilegne deg rett kompetanse i utdanningsløpet. Dette forutset at du søkjer ved rotasjon og at det er ledige plassar. Rotasjon gjennomførast kvar 6 mnd.

Merkantilt personell

Merkantil gruppe ved lungeavdelinga arbeider tett saman og har dagleg kontakt i utveksling av pasientopplysningar og koordinering av leger. Teamet er organisert som ei gruppe, men lokalisert ulike stadar for å være lett tilgjengelig for alle våre brukare. 

Vi har eit godt miljø og mulighet for utvikling. Ønsker du å arbeide hos oss er du hjarteleg velkomen til å søkje.

Sjekk våre ledige stillingar

​Ved spørsmål om stillingar hos oss, ta kontakt med vår ekspedisjon på telefon 55 97 32 45.