Taking av urinprøvar til bakteriologisk dyrkning

Det er ulike prøvetakingsmetodar for urinprøvar til bakteriologisk dyrkning. Dei ulike prøvetakingsmetodane har ulik risiko for kontaminasjon av prøvematerialet.

​​​​​​​​​​​​​​​Dette blir tatt omsyn til ved arbeid med prøven i laboratoriet og ved tolking av analyseresultatet, det er derfor svært viktig at prøvetakingsmetoden blir angitt på rekvisisjonen.

 

Oppbevaring og transport av urinprøvar

Umiddelbart etter prøvetaking, skal urinprøven overførast til eigna behaldar for transport og oppbevaring. Behaldaren MÅ merkast med namn, fødselsnummer og dato og klokkeslett for prøvetaking.

 
Om ein brukar steril behaldar med borsyre, er det viktig at behaldaren fyllast heilt opp slik at det blir rett konsentrasjon med borsyre i urinen. Prøva kan oppbevarast i romtepmeratur og bør såast ut innan 48 timar. Men prøvar sendt på denne måten, vil bli sådd ut inntil 96 timar (4 døger) etter prøvetakinga.

Alle urinprøve​r frå primærhelsetenesta skal sendast på behaldar med borsyre.

Dersom ein bruker steril behaldar utan borsyre må prøva oppbevarast kaldt. Prøva er holdbar i 24 timer i kjøleskap og 4 timar i romtemperatur.

Prøvetakingsmetodar

Midtstrømsprøve

Midtstrømsprøve er standardmetode for taking av urin hos pasientar som har kontroll på vasslatinga og som kan samarbeide om prøvetakinga. ​​​​​​​Den midtre porsjonen av urinen, som er mest representativ for blæreurin, skal samlast i ein rein eller steril behaldar ved å føre denne inn i og ut igjen av urinstrålen utan å avbryte vasslatinga.

Tidspunkt
Midtstrømsprøve bør takast om morgonen, eller minst 2-3 timar etter siste vasslating for at eventuelle mikrobar skal få tid til å oppformeire seg.

Menn
Forhuda må trekkjast tilbake før prøvetaking

Kvinner
Kjønnsleppane skal holdast godt frå kvarandre under prøvetaking. Ved utflod eller blødning, bør vaginalopninga lukkast med steril bomull eller tampong.
Vask av glans penis eller vulva er vanlegvis ikkje nødvendig, men det er rimeleg å utføra dette hos sengeliggjande eller inkontinente kvinner. Vask først vulva med vatn, vask deretter eit par gonger med sterile bommulsdotter fukta med kranvatn eller kokt vatn rundt urinrøyrsopninga og bakover mot skjeden.

Eingangskateter

Urinprøve frå eingangskateter kan nyttast dersom pasienten ikkje kan samarbeida om prøvetaking med midstrømsurin.

​​​​​​​​​​​Urinprøvar frå eingangskateter bør takast om morgonen, eller minst 2-3 timar etter siste vasslating.

Urinen tappast frå urinblæra ved hjel av eingangskateter (RIK eller SIK).

Det skal nyttast den midtr​e porsjonen av urinen som er mest representativ for blæreurin. Urinen samlast i ein steril behaldar som førast inn i og ut av den uavbrotne strålen frå kateteret.
  

Permanent kateter (KAD)

Permanente kateter kan nyttast til taking av urinprøvar til bakteriologisk dyrking. Men dersom kateteret har lagt inne i meir enn 2-3 dagar, skal det skiftast før prøvetakinga.

  1. ​​​​​​​Steng kateteret 2-3 timar før prøvetakinga. 

  2. Prøvetakingsstaden skal desinfiserast med 70 % sprit før prøvetakinga. Dersom kateteret ikkje har eigen prøvetakingsstad, kan ein desinfisera eit område av kateteret nedanfor forgreiningsområdet.

  3. Opne opp kateret.

  4. Når den første porsjonen har runne ut i blæra, punkterer ein prøvetakingsstaden med vanleg injeksjonsnål og aspirerar urin. 


Merk at følgande materiale er ueigna til bakteriologisk undersøking og vil ikkje bli undersøkt:

  • Urin frå oppsamlingsposen på permanente katetre
  • Urin tappa direkte frå endestykket på slangen til permanente katetre
  • Kateterspiss fra permanente katetre​

  

Urinprøve frå pose eller bekken

Urinprøvar tatt frå er berre aktuelt hos born som ikkje kan samarbeide om prøvetaking.
​​​​​​​​Urinprøvar tatt frå bekken kan unntaksvis nyttast hos sengeliggjande pasientar som ikkje kan samarbeide om prøvetaking eller når midtstrømsprøve eller prøve tatt ved eingangskateter av andre årsaker ikkje lar seg gjennomføra.

​Pose

  • Vask huda med såpe og vatn (ikkje desinfeksjonsmiddel) før posen vert sett på.
  • Fjern posen straks det er komme urin
  • Vask på nytt og skift pose dersom barnet ikkje har latt vannet innan 1 time.
  • Angi posetid (dvs kor lenge posen har sete på) på rekvisisjonen.

Bekken

  • Hud og slimhinner rundt urinrøyrsopninga, samt alle andre område som kan komme i kontakt med urinen, skal vaskast med såpe og vatn og tørkast.
  • Hos kvinner med utflod eller blød​ing bør vaginalopninga lukkast med steril bomull eller tampong.
  • Plasser eit sterilt bekken under pasienten.
  • Bekkenet gjernes straks etter vasslatinga og urinen overførast til steril behaldar.

Suprapubisk blærepunksjon

Dersom det er svært avgjerande å sikra ein representativ prøve, kan denne prøvetakinga nyttast. Risikoen for kontaminasjon er minimal. ​​​​​​​​​Urin aspirerast frå blæra ved hjelp av kanyle. Urinen overførast til ein steril behaldar.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.