Bruk av prøvetakingssett for tarmpatogene bakteriar

Mikrobiologisk avdeling bruker fecalSwab som prøvetakingssett for fecesprøver til undersøkelse for tarmpatogene bakteriar. Prøvetakingssettet inneheld flytande Cary Blair transportmedium og ein pensel.

​Prosedyre for prøvetaking




  1. Opne pakningen med pensel og transportrøyr.

  2. Opne penselpakken og ta ut penselen. Unngå å ta på pinnen nedanfor knekkpunktet (markert med ei farga stripe).

    • Ved normal / laus avføring skal penselen førast ned i avføringa og opp igjen.
    • Ved hard avføring skal penselen nyttast som spatel og ei lita mengd avføring tas opp. 
    • Ved direkte prøvetaking frå rektum skal penselen førast inn 1-2 cm.

  3. Set penselen i transportrøyret.

  4. Knekk pinnen i knekkpunktet.

  5. Skru på korken.

  6. Merk transportrøyret med korrekte opplysningar​