Klinisk farmakologi

Klinisk farmakologi er lærdomen om legemiddel og andre kroppsframande stoff si skjebne i og verknad på menneske. Kliniske farmakologar nyttar denne kunnskapen i optimalisering av legemiddelbehandling og diagnostikk, førebygging og behandling av forgiftingar/misbruk med legemiddel og andre kroppsframande stoff.

Les meir om Klinisk farmakologi

Klinisk farmakologi

Klinisk farmakologi er den einaste medisinske hovudspesialitet som har som hovudoppgåve å arbeide for ein betre og meir kostnadseffektiv legemiddelbehandling.

Seksjon for klinisk farmakologi 

Forsking og fagutvikling

Klinisk farmakologi i Helse Bergen inkluderer legar, kjemikarar og bioingeniørar forutan mellombels doktorgradsstipendiatar og mastergradsstudentar. Vår stab har erfaring og kompetanse frå prosjekt og forsking om legemiddel, og analysar av legemiddel og rusmiddel i biologiske prøver. Samarbeidsprosjekt prioriterast med tanke på tilgang til instrument og analytisk personale i avdelinga. Gjennom samarbeid med Klinisk institutt 2 (K2), Universitetet i Bergen utviklar vi massespektrometriske metodar til å studere:

  • Farmakokinetikk og – dynamikk av nukleosidanaloger og antracykliner
  • Lege- og rusmiddel i blod og urin

Gjennom samarbeid med RELIS Vest optimaliserer vi legemiddelbehandling gjennom å studere:

  • Effekt av legemiddelinformasjon til helsepersonell og publikum
  • Biverknader, og kommunikasjon om risiko av legemiddelbruk ved graviditet

Sjå våre publikasjoner - CRISTIN

Vi har også medansvar for vidareutvikling av og fagleg innhald i Farmakologiportalen

Kontakt

Arrangement

  • Fredagsmøte

    Annankvar fredag arrangerer vi fredagsmøte i Store auditorium på Haukeland. Fredagsmøta er ein serie førelesingar der ulike avdelingar i Helse Bergen får presentere tema av generell interesse frå si avdeling.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.