Fedmekirurgi er eit fagfelt i stadig endring og utvikling, og SOReg bidrar til at ein systematisk kan granske effekten av slike endringar. Eit felles skandinavisk register gjer det mogeleg å samle inn opplysningar frå fleire land og dermed oppnå eit større samanlikningsgrunnlag for å kunne vurdere kvaliteten på og effekten av kirurgi.
Scandinavian Obesity Surgery Registry (SOReg) vart først utvikla og tatt i bruk i Sverige (SOReg-S) i 2007. Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi (SOReg-N) er bygd opp i nært samarbeid med og på same måte som det svenske registeret.
SOReg-Norge fekk nasjonal status i 2015. Det norske registeret er drifta av Helse Vest HF, og målet er at alle som utfører fedmekirurgi i Norge skal kunne legge inn opplysningar om pasientane dei behandlar.
For deg som skal bli operert
På ditt samtykke vert det lagt inn opplysningar frå forundersøkingane til operasjonen, detaljar frå sjølve operasjonen, og frå oppfølging etter 6 veker, 1 år, 2 år, 5 år og eventuelt 10 år. Eksempel på opplysningar er alder, vekt, fedmerelatert sjukdom som diabetes og høgt blodtrykk, operasjonsmetode og komplikasjonar.
Alle opplysningar om deg blir handsama med same krav til teieplikt og tryggleik som journalen din på sjukehuset. Dei opplysningane som kan identifisere deg blir berre nytta til kvalitetsforbetring. Ved analysar og samanlikningar på nasjonalt nivå vert personopplysningane fjerna. I tilfelle der opplysningar blir brukte til forsking blir dei anonymiserte.
Om samtykke og dine rettar
Å delta i kvalitetsregisteret er frivillig, og du vil bli spurt om å gi samtykke til at vi kan leggje inn opplysningar om deg i databasen. Du kan til ei kvar tid få innsyn i kva som er registrert om deg, få retta opp i eventuelle feil, eller få sletta opplysningane som er registrert.
Du har også rett til å avstå frå deltaking i kvalitetsregisteret utan at det har nokon innverknad på di behandling og oppfølging.
Kontaktinformasjon
Registerleiar
Villy Våge
Telefon:
908 63 744
E-post:
villy.vage@helse-bergen.no
Forsking og kvalitetsforbetring
Sluttrapport kvalitetsforbedringsprosjekt
Retningslinjer for utlevering og bruk av data frå SoReg (pdf)
Medforfattarskap på data frå SoReg (pdf)
Kontrakt for utlevering av data frå SoReg (Word)
Skjema
Papirversjon til skjema i registeret
Basisregistreringsskjema Årsrapport
Link til Resultatportalen
Årsrapport 2019
Felles årsrapport med Sverige 2017 og 2018
Årsrapport 2018
Årsrapport (nettversjon)
Årsrapport 2017 (PDF)Presentasjon av årsrapport 2017Felles årsrapport med Sverige 2016 (PDF)Årsrapport 2016 (PDF)
Årsrapport 2015 (PDF) Vedtekter for registeret
Vedtekter for Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi.Nordiske retningslinjer for kontroll og tilskudd av vitaminer
Sjå retningslinjene (PDF) SOReg i media
Feilaktig om fedmekirurgi (Dagens medisin)
Flere fedmeopererte burde ikke vært operert (NRK.no)
Fedmeekspert: – Langt flere nordmenn bør få fedmeoperasjon dekket av det offentlige (NRK.no)
Venter på operasjon dobbelt så lenge som i Sverige (bt.no- kun for abonnenter)
Venter på operasjon dobbelt så lenge som i Sverige (aftenposten.no - kun for abonnenter)
Fedmekirurgi reduserer blodsukkeret hos personer med diabetes type 2 og KMI under 35 Spørsmål og svar
Her finn du svar på vanlege førespurnader.
Pasienten har tidlegare avslutta kontrollane, men vil no ha kontroll likevel
Korleis søke tilgang til Rapporteket?
Korleis søke tilgang til SOReg når ein har tilgang til andre registre frå før?
Kva oppgåver har lokal koordinator i SOReg-N?
Korleis søker eg om brukartilgang til SOReg?
Korleis leggje inn ein revisjonsoperasjon i SOReg-N?
Korleis føre ein avbroten operasjon i SOReg-N?
Korleis føre ein komplikasjon i SOReg?
Korleis føre i SOReg når ein ikkje får kontakt med pasienten for oppfølging?
Når pasienten vil ikkje vege seg ved kontroll
Korleis endre kjønn, namn og fødselsnummer?
Korleis overføre pasient til anna sjukehus?
Pasienten har allerede basisregistrering ved anna sjukehus
Pasienten har flytta utanlands, eller er ikkje i stand til å møte til kontroll
Pasienten ønskjer ikkje vidare kontrollarPublikasjoner med SOREg-data
Fedmekirurgi ved diabetes type 2 og kroppsmasseindeks under 35 - fullstendig metodevurdering
Bariatric Surgery Worldwide: Baseline Demographic Description and One-Year outcomes from the fourth IFSO Global Registry Report 2018
Perioperative Outcomes of Primary Bariatric Surgery in North-Western Europe: a Pooled Multinational Registry Analysis