Akkreditering

Hormonlaboratoriet er akkreditert av Norsk Akkreditering.

Hormonlaboratoriet blei akkreditert 14. desember 2018 etter NS-EN ISO 15189: Medisinske la​boratorier. Krav til kvalitet og kompetanse av Norsk Akkreditering med registreringsnummer TEST 309. Den 21. oktober blei Hormonlaboratoriet og Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi slått sammen til ein avdeling, og akkrediteringen blei flytta inn under registreringsnummeret TEST 231.

Akkreditering innebærer at avdelinga sine produkt og tenester må oppfylle definerte krav til kvalitet og det må være eit system for å overvake og dokumentere at krava blir tilfredsstilte.

Standarden er spesielt tilpassa medisinske laboratorium og omfattar heile prøveprosessen frå rekvirering, prøvetaking, prøvehandtering, analysering til svarrapportering, rådgiving og tolking. Det blir også sett spesifikke krav til intern kvalitetskontroll og deltaking i ekstern kvalitetsvurdering.​

Omfanget av akkrediteringa finner du her.

Fann du det du leita etter?