Faste
Nokre analysar krev at prøven er teken frå fastande pasient, det vil seie at pasienten ikkje skal ha ete, drukke eller røykt dei siste tolv timane. Pasienten kan drikke litt vatn for ikkje å bli tørr i munnen. Pasienten skal vere fastande for prøvetaking til følgjande komponentar: triglyseridar, glukose, glukosebelasting, laktosebelasting, c-peptid og insulin, gallesyre og transferinmetting. Andre analysar krev at pasienten må utelate visse matvarer eller legemiddel. Sjå Analyseoversikten.no.
Legemiddelfaste
Prøvar til legemiddelanalysar blir som regel tekne før neste dose (legemiddelfaste). For litium er det eigne retningslinjer.
Tidspunkt for prøvetaking
Nokre komponentar viser stor døgnvariasjon, til dømes s-jern og s-kortisol. Ved fleire prøvetakingar på same pasienten er det viktig å standardisere prøvetakingstidspunktet.
Generelt tilrår vi at blodprøvar ikkje blir tekne like etter at pasienten har ete eit feittrikt måltid. Noter alltid tidspunktet for prøvetakinga på rekvisisjonen.
Stillinga til pasienten (liggjande/sitjande)
Kroppsstillinga under prøvetakinga kan påverke konsentrasjonen av høgmolekylære stoff, blodceller og proteinbundne komponentar. Konsentrasjonen er høgare i ståande enn i liggjande stilling. Pasienten bør sitje i ro i om lag 15 minutt før blodprøven blir teken. Referanseområder er fra sitjande personar.
Fysisk aktivitet
Effekten av trening på analyseresultatet er avhengig både av treningsmengda og væskeinntaket. Ein bør unngå store fysiske påkjenningar i dagane før prøvetakinga.
Stress
Stress og uro i samband med blodprøvetaking kan påverke mellom anna konsentrasjonen av ACTH, kortisol, prolaktin og katekolamin. Talet på leukocyttar og glukose kan stige ved fysisk og psykisk stress, og prøvetakinga bør skje utan å uroe pasienten.
Prøvetaking på barn
Blodprøvetakinga går lettare dersom barnet er førebudd. BFI har laget brosjyren "Barn og blodprøvetaking". Den kan bestilles her: Bestill brosjyrer: Barn og blodprøver | NITOPrøvetakinga kan skje ved stikk i armen (venepunksjon) eller i fingeren/hælen (kapillær prøvetaking).
Bedøving
Smertestillande plaster eller krem kan påførast stikkstaden for å redusere smerte og stress ved blodprøvetaking. Bedøvinga må påførast i god tid før prøvetakinga, helst éin time. Skal berre brukast på barn over tre månader. Må tas av igjen 15 minuttar før prøvetaking gjennomførast.
Meir informasjon om blodprøve
Handbok prøvetaking
Blodprøvetaking | https://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/medisinsk-biokjemi-og-farmakologi/handbok-i-blodprovetaking/blodprovetaking | Blodprøvetaking | Venøs og kapillær blodprøvetaking | 29.06.2016 22:00:00 |
Pasientførebuing | https://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/medisinsk-biokjemi-og-farmakologi/handbok-i-blodprovetaking/pasientforebuing | Pasientførebuing | | 29.06.2016 22:00:00 |
Pasientidentifikasjon og merking av prøvar | https://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/medisinsk-biokjemi-og-farmakologi/handbok-i-blodprovetaking/pasientidentifikasjon-og-merking-av-provar | Pasientidentifikasjon og merking av prøvar | Ta prøve av rett pasient og merk prøven korrekt. | 29.06.2016 22:00:00 |
Prøvar som blir avviste | https://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/medisinsk-biokjemi-og-farmakologi/handbok-i-blodprovetaking/provar-som-blir-avviste | Prøvar som blir avviste | Prøvar som ikkje tilfredsstiller dei preanalytiske krava, blir avviste. Kriterium som skal føre til at ein blodprøve blir avvist: | 30.06.2016 22:00:00 |
Prøvebehandling | https://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/medisinsk-biokjemi-og-farmakologi/handbok-i-blodprovetaking/provebehandling | Prøvebehandling | Dei fleste laboratoriekomponentane blir analyserte i serum. For å få serum må blodprøven takast på gelrøyr eller røyr utan tilsetjing, og prøven må sentrifugerast. | 29.06.2016 22:00:00 |
Rekkefølge på røyr til blodprøvetaking | https://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/medisinsk-biokjemi-og-farmakologi/handbok-i-blodprovetaking/rekkefolge-pa-royr-til-blodprovetaking | Rekkefølge på røyr til blodprøvetaking | Rekkefølga er viktig for å unngå å overføre tilsetjingsstoff (citrat, heparin, EDTA etc.) frå røyr til røyr. | 29.06.2016 22:00:00 |