Utgreiing av myeloproliferativ sjukdom

(1) Polycytemia vera, (2) Essensiell trombocytose og (3) Primær myelofibrose

Kjenneteikna til Philadelphia-kromosom-negativ myeloproliferativ sjukdom (MPN) er overproduksjon av modne, funksjonelle blodceller og omfattar i hovudsak:

  • Polycytemia vera (PV)
  • Essensiell trombocytemi (ET)
  • Primær myelofibrose (PMF)

Det siste tiåret har MPN-relaterte somatiske mutasjonar i janus kinase 2 (JAK2), trombopoietin reseptor (MPL) og calretikulin (CALR) gena blitt identifisert. Alle desse mutasjonane førar til aktivering av JAK/STAT signalvegen.

JAK2-V617F mutasjonen sjåas hos ~ 95 % av pasientar med PV og hos ~ 60 % av pasientar med ET og PMF. Mutasjonar i exon 9 av CALR-genet sjåast hos 25-50 % av JAK2-V617F-negative pasientar med ET og PMF, og mutasjonar i MPL-genet sjåast hos rundt 10 % av JAK2-V617F-negative pasientar med ET og PMF. Av mutasjonar i MPL-genet er W515L den vanlegaste, etterfølgd av W515K og W515A. 

Sjå Nasjonalt handlingsprogram med retningslinjer for diagnostikk, behandling og oppfølging av maligne blodsykdommer for oppdaterte diagnotiske kriterier og ytterlegare fagleg rettleiing.

Molekylærbiologisk seksjon som er ansvarleg for desse analysane ved MBF deltek i MPN&MPNr-EuroNet COST Action BM0902 «A EU sponsored Network of Experts on the Molecular Diagnosis of Myeloproliferative Neoplasm (MPN) and MPN-related congenital diseases (MPNr)».

Tilgjengelege analysepakker:

Ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi er følgjande analysepakker tilgjengeleg for utgreiing og monitorering av Philadelpia-negativ myeloproliferativ sjukdom:

  1. Polycytemia vera (JAK2):
    Innebærer analyse av gentesten JAK2-V617F. 
  2. Essensiell trombocytemi / primær myelofibrose (JAK2, CALR, MPL):

1) JAK2-V617. (Dersom JAK2-V617F ikkje blir påvist, går en videre til neste genanalyse, CALR)

2) CALR. (Dersom CALR mutasjonar ikkje blir påvist, går en videre til neste analyse MPL.)

3) MPL-W515K og MPL-W515L.

CALR kan i tillegg og rekvirerast aleine, men berre dersom JAK2-V617F er analysert innan siste 6 månader med negativt resultat

Monitorering av kjend JAK2-V617F positiv sjukdom:
JAK2-V617F kan rekvirerast direkte for monitorering av pasientar med kjend JAK2-V617F positiv sjukdom. Rutinemessig monitorering av molekylær respons av JAK2-V617F er foreløpig ikkje anbefalt, utanom i spesielle tilfeller.

Sjå nordiske anbefalinger ved Nordic MPD study group. Guidelines for the diagnosis and treatment of patients with polycytemia vera, essential thrombocythemia and primary myelofibrosis, oppdatert 2017.

Prøvemateriale:

Alle problemstillingar: 3 mL EDTA-blod.

Analysar:

JAK2-V617F:
Analysen er kvantitativ og rapporteras som JAK2-V617F alleleler/totalt mengde allel i prosent. Resultat > 0,4 % karakteriserer pasienten som JAK2-V617F positiv.

CALR:
Sanger-sekvensering vil bli nytta til å undersøke for mutasjonar i CALR ekson 9, og resultat vil bli rapportert som påvist eller ikkje påvist. Eventuelle mutasjonsfunn vert namngjevne jf. HGMV.

MPL-W515K og W515L:
Analysen for MPL-mutasjonane W515K og W515L er kvalitativ, og mutasjonane vil derfor bli rapporterte som påvist eller ikkje påvist, basert på cut-off 1,5 % W515K/L av total W515. Metoden kan i tillegg indikere førekomst av W515A-mutasjonen dersom denne er tilstade i høg grad (>>50 %). Ved mistanke om W515A-mutasjonen vil denne verifiserast ved sekvensering av MPL-genet. Andre mutasjonar i MPL-genet blir ikkje oppdaga med denne metoden.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.