Av lege Tormod K. Bjånes
Indikasjonar for prøvetaking
Vurdering av etterleving, terapisvikt, biverknader, interaksjonar, dokumentasjon ved bruk av dosar utanfor tilrådd område, om pasienten tilhøyrer ei risikogruppe for avvikande legemiddeleffekt (barn, eldre, gravide, ammande og pasientar med leversjukdom, nyresjukdom eller hjartesjukdom), og ved mistanke om forgifting
Tidspunkt for prøvetaking
Ved gjenteken dosering av eit legemiddel med same dose aukar serumkonsentrasjonen inntil ein oppnår likevekt mellom inntak og utskiljing.
Ein praktisk regel seier at ein oppnår likevekt fem halveringstider (5 x T1/2) etter oppstart eller doseendring. Prøvetaking til konsentrasjonsfastsetjing av legemiddel skal som regel skje ved likevekt.
I tillegg bør dei aller fleste legemiddelprøvar takast fastande. Det vil seie at prøven skal takast like før pasienten tek neste dose av legemiddelet. I enkelte tilfelle kan dette vere praktisk vanskeleg, då er det tilrådd å prøve å ha minst tolv timar mellom siste inntak og prøvetaking.
Prøvetaking
Med mindre anna er oppgitt, skal det nyttast prøverør utan gel, og serum skal separerast før sending. Minste prøvevolum er 0,5 mL serum når det blir rekvirert éin analyse, og 1 mL ved fleire analysar. Ved prøvetaking av barn kan ein klare seg med mindre volum. (Ta kontakt med Seksjon for legemiddel- og rusmiddelanalysar på tlf. 55 97 31 41.)
Referanseområde
Referanseområda viser spreiinga av legemiddelfastande serumkonsentrasjonar ein oppnår når ein gir tilrådde dosar av det aktuelle legemiddelet til ei større gruppe individ. Dei er mindre tydeleg relaterte til terapieffekt og biverknader hos det enkelte individ.
Både når det gjeld terskel for terapigevinst og sensitivitet for toksisitets- og overdoseringssymptom, er det stor INTERindividuell variasjon. Den INTRAindividuelle variasjonen er lågare. Ein serie prøvar som er tekne over tid hos same individet, kan derfor danne grunnlag for eit individuelt terapiområde der samanhengen mellom serumkonsentrasjon, effekt og biverknader er tydelegare. Det er viktig å understreke at legemiddelanalysar er eit supplement for å støtte kliniske avgjerder.
Tolking av analyseresultatet
Dei fleste analysesvara blir tolka av klinisk farmakolog før utsending. Kvaliteten på tolkinga er avhengig av kliniske opplysningar frå rekvirenten: indikasjon for legemiddel, dose og tidspunkt for prøvetaking. Opplysningar om bruk av andre legemiddel som blir tekne regelmessig eller ved behov, sjukdom, organfunksjon (nyre, lever), røykjestatus og fysiologiske endringar (graviditet) kan òg vere nyttige.