HELSENORGE

Forgiftingar med lege- og rusmidlar

Ved mistanke om forgifting kan analyse av mistenkte stoff i blod vere avgjerande ved utgreiinga, for val av behandling og for monitorering av det kliniske forløpet under behandlinga. Avdelinga tilbyr analyse av enkelte lege- og rusmidlar, samt ein særskilt kombinasjon av klinisk kjemiske analysar på strakshjelpbasis ved mistanke om forgiftning med alkoholer.

Konsentrasjon av legemiddel og rusmiddel i blod

Det er konsentrasjonen i ein blodprøve, anten av det inntekne stoffet eller av eit farmakologisk aktivt omdanningsprodukt i kroppen som kan relaterast til symptoma til pasienten. Den påviste mengda av eit legemiddel eller rusmiddel i blodet kan vere retningsgivande for behandling med antidot (som ved forgifting med paracetamol) eller hemodialyse (som ved forgifting med litium). Ved forgifting med digitalisglykosid (til dømes digoksin) vil analysen deira i blod bli falskt høg og miste nytteverdien etter at behandlinga med antidot har teke til.

Konsentrasjon av legemiddel og rusmiddel i urin

Påvising av spesifikke legemiddel og rusmiddel eller gruppar av desse i urin kan vere av verdi ved uklare tilfelle, men kan ikkje relaterast til symptoma. Påvist legemiddel eller rusmiddel i urin beviser berre at det er innteke tidlegare, men indikerer ikkje at det finst i blodet på tidspunktet for urinprøvetakinga.

Forgifting med alkoholar

Forgifting med andre alkoholar enn etanol, som til dømes etylenglykol, metanol og isopropanol, er som oftast livstruande og må diagnostiserast tidleg i forløpet for at vedvarande skade eller død skal kunne hindrast. Analyse av desse alkoholane er svært ressurs- og tidkrevjande og vil som regel ikkje vere tilgjengeleg i ein akutt situasjon. Laboratoriet har derfor utarbeidd ein analysepakke til bruk ved mistanke om alkoholforgiftingar som gir rekvirenten ei indirekte tilbakemelding på om andre alkoholar enn etanol er til stades i blod (osmolalt gap), og om sure omdanningsprodukt (anion gap) er danna. Påvising av laktatgap indikerar forgifting spesielt med etylenglykol. Andre ikkje-sure omdanningsprodukt som aceton frå isopropanol vil kunne bidra til osmolalt gap. Analysepakken finn du i DIPS under «Medisinske analysepakker – Intox andre alkoholer». For meir informasjon viser vi til Analyseoversikten - Forgiftingar med alkoholer. Utfyllande informasjon finn ein på Helsebiblioteket si side under "Forgiftninger med gasser og kjemikalier"​

Praktiske råd ved mistanke om forgiftingar

Laboratoriet tilbyr svar på analyse av enkelte legemiddel i blod og rusmiddelgruppar i urin, til dømes opiater, innan maksimalt to timar etter at prøven er motteken. Dei fleste legemiddel- og rusmiddelanalysar er ikkje tilgjengelege på strakshjelpbasis. Det er då mogleg å ta kontakt med laboratoriet​ neste dag for eventuelt å be om analyse av mistenkt legemiddel eller rusmiddel i prøvemateriale som er teke tidlegare. Ein slik prøve kan vere til hjelp når diagnosen eller dødsårsaka framleis er uklare.

Annan informasjon ved mistanke om forgiftingar

For kontakt med vakthavande klinisk farmakolog viser vi til kontaktinformasjonen på kontaktsida til avdelinga.

Giftinformasjonen​ er døgnkontinuerleg bemanna (tlf. 22 59 13 00) og gir informasjon, råd og rettleiing ved alle typar forgiftingar.
Vi viser òg til Felleskatalogen sine sider.​

Fann du det du leita etter?