Einingar ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi

Verksemda ved MBF er organisert i seksjonar som utfører analysar innan sitt fagfelt (analytiske seksjonar) eller som ivaretar andre funksjonar i laboratoriet (Ikke-analytiske seksjonar). Alle seksjonar deltar i blodprøvetaking på sengepostar eller i avdelinga sine poliklinikkar. Seksjonane ledes av en seksjonsleiar.

Analytiske seksjonar

Hormonlaboratoriet

Det eldste spesiallaboratoriet for hormonanalysar i Noreg.
Læra om hormonsystemet kallast også endokrinologi. Endokrinologiske utgreiingar omfattar i stor grad måling av hormonkonsentrasjonar i serum / plasma, urin og spytt.

MBF - Barne- og ungdomsklinikken (MBF-BUK)

Utfører klinisk-kjemiske- og hematologiske analysar for Barne- og ungdomsklinikken. Seksjonen har ansvar for drift og opplæring i pasientnær analytisk verksemd ved Marie Joys hus. Laboratoriet har døgndrift.

MBF - Kvinneklinikken (MBF-KK)

Utfører klinisk-kjemiske-, hematologiske- og koagulasjonsanalyser for Kvinneklinikken og Augeavdelinga. Laboratoriet utfører også diverse analysar i sæd og navlestrengsblod. Seksjonen har ansvar for drift og opplæring i pasientnær analytisk verksemd ved Kvinneklinikken. Legar ved Kvinneklinikken har medisinskfagleg ansvar for sædanalysane. Laboratoriet har døgndrift.

MBF - Kysthospitalet i Hagevik (MBF-KiH)

Ufører klinisk-kjemiske-, hematologiske- og koagulasjonsanalysar for Kysthospitalet i Hagevik. Seksjonen har i tillegg ei transfusjonseining som er organisert under Avdeling for infusjon- og transfusjonsmedisin (AIT). Laboratoriet er opent på dagtid og har beredskapsvakt kveld/natt.

Nevro/Revmalab

Utfører klinisk-kjemiske- og hematologiske analysar for Nevrologisk- og Revmatologisk avdeling, samt ein del spesialanalysar innan nevroimmunologi. Legar ved Nevrologisk avdeling har medisinskfagleg ansvar for spesialanalysar. Seksjonen held til på Gamle hovedbygg.

Seksjon for allergi- og proteinanalysar

Utfører klinisk-kjemiske- og cellebaserte allergologiske analysar, samt kvantitativ og kvalitativ analyse av spesifikke proteinarproteinar.

Seksjon for automatiserte analysar

Seksjonen utfører analysar innan medisinsk biokjemi og eit utval av klinisk farmakologiske analysar. Seksjonen har døgndrift.

Seksjon for hematologi- og koagulasjonsanalysar

Utfører hematologiske- og koagulasjonsanalysar. Seksjonen har også ansvar for hematologiske analysar som blir utført ved Kreftavdelinga sin poliklinikk i Parkbygget. Seksjonen har døgndrift.

Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar

Utfører kvantitering av lege- og rusmiddel og deira metabolittar, både i serum og i andre biologiske materiale. Rusmiddelanalysar utføres hovudsakleg ved analytisk eining for LC-MS/MS metodar.

Seksjon for pasientnær analysering (PNA)

Seksjonen har driftsansvar for SR, osmometer og alle blodgassinstrumenta, både i eiga avdeling og ved kliniske avdelingar der det er utplassert pasientnært utstyr. Seksjonen har ansvar for drift og opplæring i bruk av pasientnære instrument, strimmelanalysar i urin og urin mikroskopi.

Seksjon for molekylærbiologiske analysar

Utfører molekylærbiologiske analysar til diagnostikk av genetiske sjukdomar.

Seksjon for porfyrianalysar

Utfører diverse hematologiske spesialanalysar, samt porfyrin- og spormetallanalyser.   


Ikkje-analytiske seksjonar

Preanalytisk seksjon

Mottar, registerer, fordeler både interne prøvar og prøvar får eksterne  rekvirentar. Seksjonen driftar laboratoriet sin telefonsentral og administrerer utsending av svarbrev og eventuell videreforsendelse av prøver. Preanalytisk seksjon har ansvar for prøvetaking i Poliklinikk for prøvetaking i Sentralblokka og for prøvetakingseininga i Zander Kaaes gate.

Seksjon for kontroll og utvikling

Seksjonen overvaker analytisk kvalitet  for alle analyser i avdelinga og gir fagleg bistand ved evaluering av analysemetodar. Seksjonen deltar i Preanalytisk fagsenter ved Laboratorieklinikken.


Andre einingar ved MBF

IT-gruppa

IT-gruppa har ansvar for drift av laboratoriesystemet, og  er brukarstøtte mot primærhelsetenesta når det gjeld elektroniske meldingar.

Noklus Hordaland

Norsk kvalitetsforbedring av laboratorieundersøkelser (Noklus) jobbar med kvalitetsforbetring av laboratoriearbeid i primær- og spesialisthelsetenesta. Hovudkontoret ligg i Bergen (Haraldsplass Diakonale sykehus), og laboratoriekonsulentar (bioingeniørar) og legespesialistar er tilknytta 23 ulike sjukehus. I Hordaland er Noklus organisert som ein seksjon under MBF. Noklus har avtale om samarbeid med dei fire regionale helseføretaka. Sjå meir på Noklus si heimeside

RELIS Vest

RELIS Vest er et tilbud til helsepersonell i helseregion Vest om produsentuavhengig legemiddelinformasjon.


Samarbeidende organisasjoner 

NAPOS

NAPOS - Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisykdommer.

Fann du det du leita etter?