Anafylaktiske reaksjonar mot mat

Allergiske reaksjonar mot mat medfører betydelege helseplager i befolkninga. Førekomsten er størst hos barn, men matallergiar rammar alle aldersgrupper.

Mat
 

Symptoma varierer frå milde plager, som til dømes utslett og kløe, til svært alvorlege og potensielt livstrugande reaksjonar som kan påverke luftvegar og blodomlaupet (anafylaksi, også kalla «allergisjokk»). Matallergi er den hyppigaste årsaka til anafylaktiske reaksjonar hos barn og unge vaksne.

For å auke kunnskapen om allergiske reaksjonar mot mat i Noreg vart Matallergiregisteret oppretta av Folkehelseinstituttet (FHI) i 2000. Registeret fungerte som eit nasjonalt melderegister for alvorlege allergiske reaksjonar mot mat, og var eit samarbeid mellom FHI, Veterinærinstituttet og Mattilsynet fram til det vart avvikla i 2017. Frå 2018 kan anafylaktiske reaksjonar mot mat meldast Anafylaksiregisteret ved Haukeland universitetssjukehus.

Reaksjonane blir meld ved å rekvirere analysepakkar for laboratorieutgreiing av anafylaksi. Utgreiinga krev at ein tek ein blodprøve i samband med reaksjonen, optimalt 1-4 timer etter symptomdebut (akuttprøve). Videre skal det takast ein basalprøve ≥ 12 timer etter symptomane inntrefte, eventuelt kan ein prøve tatt før reaksjonen brukast.

Eksterne rekvirentar fyller ut rekvisisjonsskjema og sender inn serumprøve, mens interne rekvirentar kan bruke elektronisk journalsystem. Send med mistenkt matvare og matvaredeklarasjon om tilgjengeleg.

I analysepakken inngår s-tryptase, s-total IgE og s-IgE mot eggekvite, kumjølk, torsk, kveite, peanøtt, soya, selleri, reke, hasselnøtt, ert, lupin, bukkehornkløver, lateks samt vanleg kryssreagerande luftvegsallergen. Laboratoriet kan i tillegg analysere antistoff mot andre mistenkte allergen eller gjere manuelle allergianalysar på førespurnad. Kontakt oss i så fall på tlf 55970857 eller 55973140. Svar på laboratorieutgreiing kjem i form av skriftleg kommentar til rekvirenten.

Rekvisisjonsskjema for anafylaktisk reaksjon mot mat

Sjå også: Folkehelseinstituttet - Nasjonalt register for alvorlige allergiske reaksjoner på mat 2000 - 2015

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.