WESTCOR-studien

WESTCOR-studien er eit samarbeidsprosjekt mellom medisinsk biokjemiske laboratorier (Laboratorium for klinisk biokjemi og Laboratorium for medisinsk biokjemi) og Hjerteavdelingane ved Haukeland og Stavanger universitetssjukehus.
Prosjektet planlegger å inkludere 3000 pasientar som er innlagt til utredning av akutt iskemisk hjertesjukdom (brystsmerter, akutt hjerteinfarkt eller akutt hjertekrampe).  For pasientar som samtykker til å delta i prosjektet vil leger og forskarar registrere kliniske data og lagre ekstra prøvemateriale i en biobank. Dette vil seinare bli nytta til forsking for å opparbeide seg ny kunnskap slik at ein i framtida kan tilby hjertepasientane raskare og betre behandling.

Kva vil vi oppnå med WESTCOR-studien

• Undersøke om ein basert på gitte konsentrasjonar eller endringar i konsentrasjonar av biomarkører trygt kan avslutte observasjonen av pasientar innlagt med mistenkt akutt koronar iskemi tidlegare enn det som er dagens praksis

• Samanlikne diagnostisk yteevne og analytisk/biologisk interferens for de to mest brukte diagnostiske markørene for iskemisk hjertesjukdom (høy sensitiv Troponin T og høy sensitiv Troponin I) i en populasjon av uselekterte brystsmertepasientar og i undergrupper av pasientar med kroniske lidingar (f.eks. nyresjukdom)

• Undersøke diagnostisk yteevne for ulike forskingsbaserte iskemiparametre (f.eks. Copeptin og ulike microRNA) i en uselektert populasjon og i undergrupper av kronisk sjuke

• Undersøke om ulike biomarkørar kan gje informasjon om framtidig risiko for til dømes kardiovaskulær sjukdom, nyre sjukdom og død (inntil 20 år)

• Utvikle en statistisk modell for tolking av biologisk variasjonsdata når disse blir sett i relasjon til akutte hendingar

• Opparbeide en omfattande biobank for pasientar med akutt iskemisk hjertesjukdom og produsere vitskapelig arbeid av høy kvalitet

Tidsplan

Det blei gjennomført ein pilot for WESTCOR studien i februar 2015. Hovedstudien er planlagt å starte 1 september 2015 og det er planlagt at det vil ta 1-2 år å inkludere alle pasientane. Det er planlagt å følgje opp pasientane med kontrollprøve 3 mnd etter innlegging i sjukehuset og gjennom nasjonale kvalitetsregister for mellom anna hjertesjukdom, hjerneslag og nyresjukdom dei neste 20 åra.

Organisering og samarbeid

Kristin M Aakre (LKB, Haukeland universitetssjukhus) er prosjektleiar for WESTCOR, mens Øyvind Skadberg (LMB, Stavanger universitetssjukehus) er prosjektansvarlig ved Stavanger sjukehus. Studien er styrt av ei styringsgruppe med ein medlem frå kvar avdeling: Kristin M Aakre (Lab. for klinisk biokjemi, Haukeland universitetssjukehus), Kjell Vikenes (Hjerteavdelingen, Haukeland universitetssjukehus), Øyvind Skadberg  (Lab. for medisinsk biokjemi, Stavanger universitetssjukehus)og Tor Harald Melberg (Hjerteavdelingen, Stavanger universitetssjukehus). Til daglig jobbar fleire legar og forskarar med innsamling av data, og medarbeidarar ved laboratoria og hjerteavdelingane legg ned eit stort arbeid for å samle inn prøvemateriale og data. Studien har samarbeidspartnarar ved mange sjukehusavdelingar ved Haukeland og ved fleire andre sjukehus i Norge.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.