Poliklinikk for prøvetaking

Laboratorium for klinisk biokjemi (LKB) har eigne poliklinikkar for blodprøvetaking, først og fremst for pasientar som er innlagde eller får poliklinisk behandling ved sjukehuset.

Alle pasientar som kjem frå primærhelsetenesta (eksterne pasientar), må ha med rekvisisjon, og prøvetakinga skjer i Poliklinikk for prøvetaking i Sentralblokka. Barn blir tilviste til laboratoriet på Barne- og ungdomsklinikken (sjå opningstidene).

Det blir tilrådd å sitje 10-15 minutt før prøvetakinga. Barn bør vere informerte om korleis blodprøvetakinga skjer.

Kontakt

Oppmøtestad

LKB - Poliklinikk for prøvetaking, 2. etasje i Sentralblokka.
Måndag 08.00-14.45, tysdag – fredag 07.45-14.45

LKB - Barne- og ungdomsklinikken, etasje 01 (underetasje) i Marie Joys' hus
mån-fre kl. 08.00-15.00

LKB - Kvinneklinikken, underetasjen på Kvinneklinikken
mån-fre kl. 08.00-15.30

Nevro-revma-laboratoriet, 2. etasje i Gamle Hovudbygg
mån-fre kl. 07.45-14.30

Laboratoriet Kreftpoliklinikk, 2. etasje i Parkbygget
mån-fre kl. 07.45-15.00

Medisinsk genetisk poliklinikk, 2. etasje Laboratoriebygget
mån-fre kl. 08.30-15.30

Besøkstider
måndag 08.00-14.45
tysdag - fredag 07.45-14.45

LKB - Barne- og ungdomsklinikken,
mån-fre kl. 08.00-15.00
LKB - Kvinneklinikken,
mån-fre kl. 08.00-15.30
Nevro-revma-laboratoriet, mån-fre kl. 07.45-14.30
Laboratoriet Kreftpoliklinikk, mån-fre kl. 07.45-15.00

Praktisk informasjon

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.