Preanalytiske forhold

Preanalytiske forhold kan påverke analyseresultatet frå ein blodprøve eller ein urinprøve. Rett prøvetaking er avgjerande for eit korrekt analyseresultat. Mangel på standardisering av prøvetakingsprosessen kan føre til forseinkingar eller feil i analyseresultatet.

Preanalytiske forhold inkluderer rekvirering av prøver, pasientførebuingar som blir gjorde for å redusere biologisk variasjon, sjølve prøvetakinga, prøvehandtering og transport av prøven til laboratoriet.
Biologiske faktorar som ikkje er knytte til sjukdom, kan òg påverke analyseresultatet. Det gjeld mellom anna effekt av fysiologiske forhold (fysisk aktivitet, kroppsstilling), tidspunkt for prøvetaking, effekt av legemiddel og andre faktorar som kan interferere med analyseresultatet. Alle forhold som ikkje direkte skriv seg frå sjukdom, men som kan påverke analyseresultatet, må standardiserast. Opptil 70 prosent av alle feil i analyseresultatet kan knytast til den preanalytiske fasen.

I prøvetakingssituasjonen er det viktig å standardisere følgjande:
• Kroppsstillinga ved blodprøvetaking
• Tidspunktet for prøvetaking
• Faste før blodprøvetaking
• Fysisk aktivitet før prøvetaking
• Bruk av stase
• Rekkjefølgja på prøvetakingsrøyra
• Blanding av prøvetakingsrøyra
• Transport og lagring av prøvematerialet før analysering

Informasjon om pasientførebuing
Prøvar som ikkje tilfredsstiller dei preanalytiske krava, blir avviste.