Pasientnær analysering (PNA)

Pasientnær analysering (PNA) vert definert som laboratorieundersøkingar som blir utført nær pasienten. PNA blir utført både i og utanfor sjukehus. PNA vert også kalla Point of Care Testing (POCT), eller desentraliserte laboratorieanalyser.

Fordelar med PNA er:

  • Raske analyseresultat
  • Ferskt prøvemateriale
  • Lite prøvevolum/prøvemateriale
  • Optimalt prøvetakingstidspunkt
  • Raskare behandling

Ulemper med PNA er:

  • Instrumenta har ofte redusert presisjon og riktigheit i forhold til tradisjonelle laboratorieanalyser
  • Instrumenta kan ha problem med interferens
  • Ulikt prøvemateriale kan gi ulike analyseresultat
  • Meir tid og ressursar til kvalitetssikring og opplæring av personell
  • Auka kostnad

Alle som brukar PNA-utstyr, må:

  • beherske aktuelle prosedyrer og kjenne bruken av utstyret
  • beherske riktig prøvetakingsteknikk
  • vite kva begrensningar og feilkjelder som er knytta til analysen
  • ha kunnskap om haldbarheit og riktig lagring av prøvemateriale og reagenser
  • vite korleis analysene skal kvalitetssikrast
  • ha tilstrekkeleg kunnskap til å kunne tolke analyseresultata
  • ta førehandsreglar ved risiko for blodsmitte


Laboratorium for klinisk biokjemi (LKB) er ansvarleg for å kvalitetssikre alle klinisk-kjemiske analyser som blir utført pasientnært på de avdelingane. 

LKB har ansvar for opplæring og kvalitetskontroll. 
Analysene blir utført av sengepostane sitt personale.

LKB tilbyr desse pasientnære analysene:

Blodgass 
Glukosemåling 
Urinstrimmeltesting 
Kreatinin
HbA1c
CRP
PT-INR
ACT (activated clotting time)
Blod i avføring

Innkjøp av pasientnære analyser

Søknadsskjema for anskaffelse av utstyr til pasientnær analyse (PNA) ved Haukeland universitetssjukehus sender du LKB.

Brukarstøtte for pasientnær testing

Telefon: 55 97 31 08 / 55 97 31 55

Vi gir hjelp til:

  • Feilsøking (når noko ikkje fungerer eller analyseresultatet virkar usannsynleg)
  • Brukeropplæring på apparatet, individuell og i grupper
  • Opplæring i kapillær prøvetaking

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.