Medisinsk biokjemi

Medisinsk biokjemi er læra om biokjemiske, fysiologiske og cellulære prosesser i mennesket under normale og ved patologiske tilstandar. Spesialistar i medisinsk biokjemi brukar denne kunnskapen til diagnostikk og oppfølging av sjukdommar hos menneske ved å undersøke humant biologisk materiale.

I spesialiteten medisinsk biokjemi arbeider ein særskilt for å:

• Optimalisere laboratoriediagnostikk («rett analysetilbod til rett tid»)
• Sikre god analysekvalitet
• Rådgiving av rekvirentar (direkte og ved bruk av IT verktøy)
• Forsking og fagutvikling

Les meir om Medisinsk biokjemi

Medisinsk biokjemi

Medisinsk biokjemi inkluderer legar, bioingeniørar, forskar, kjemikarar forutan mellombels doktorgradsstipendiatar, mastergradsstudentar og postdoc stipendiat.

Forsking og fagutvikling

Vi har samarbeid med fleire kliniske avdelingar i Helse-Vest og ei rekke eksterne institusjonar. Vi bidrar med undervisning på alle nivå, blant anna gjennom samarbeid med Klinisk institutt 2 (K2), Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen. Vår forsking ligg i skjeringspunktet mellom klinikk og laboratoriemedisin og skal gje gevinstar for pasientar, tilsette og helseforetak.

Våre hovedsatsningsområde er:

  • Porfyrisjukdommar
  • Allergisjukdommar
  • Ernæring hos gravide, ammande og spebarn
  • Sjukdommar knytt til koagulasjonssystemet
  • Hjarte- og nyresjukdom
  • Preanalytisk fase

Kontakt