Klinisk farmakologi

Klinisk farmakologi er lærdomen om legemiddel og andre kroppsframande stoff si skjebne i og verknad på menneske. Kliniske farmakologar nyttar denne kunnskapen i optimalisering av legemiddelbehandling og diagnostikk, førebygging og behandling av forgiftingar/misbruk med legemiddel og andre kroppsframande stoff.

Les meir om Klinisk farmakologi

Klinisk farmakologi

Klinisk farmakologi er den einaste medisinske hovudspesialitet som har som hovudoppgåve å arbeide for ein betre og meir kostnadseffektiv legemiddelbehandling.

Seksjon for klinisk farmakologi 

Forsking og fagutvikling

Klinisk farmakologi i Helse Bergen inkluderer legar, kjemikarar og bioingeniørar forutan mellombels doktorgradsstipendiatar og mastergradsstudentar. Vår stab har erfaring og kompetanse frå prosjekt og forsking om legemiddel, og analysar av legemiddel og rusmiddel i biologiske prøver. Samarbeidsprosjekt prioriterast med tanke på tilgang til instrument og analytisk personale i avdelinga. Gjennom samarbeid med Klinisk institutt 2 (K2), Universitetet i Bergen utviklar vi massespektrometriske metodar til å studere:

  • Farmakokinetikk og – dynamikk av nukleosidanaloger og antracykliner
  • Lege- og rusmiddel i blod og urin

Gjennom samarbeid med RELIS Vest optimaliserer vi legemiddelbehandling gjennom å studere:

  • Effekt av legemiddelinformasjon til helsepersonell og publikum
  • Biverknader, og kommunikasjon om risiko av legemiddelbruk ved graviditet

Sjå våre publikasjoner - CRISTIN

Vi har også medansvar for vidareutvikling av og fagleg innhald i Farmakologiportalen

Kontakt


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.