Prøvebehandling

Dei fleste laboratoriekomponentane blir analyserte i serum. For å få serum må blodprøven takast på gelrøyr eller røyr utan tilsetjing, og prøven må sentrifugerast.

​​​​​​​​Serum/plasma bør separerast frå blodcellene innan to timar etter prøvetakinga. Følg laboratorierettleiinga Analyseoversikta for korrekt behandling av enkeltanalysar.

  • Dei fleste komponentar kan takast på gelrøyr.
  • Serumrøyr skal stå og koagulere i 30 til 60 minutt.


Sentrifugering og framstilling av serum/plasma

  • Etter koagulering skal prøvetakingsrøyra sentrifugerast i ti minutt ved 2200g. Sjå informasjon om sentrifugefart.
  • Unngå å resentrifugere gelrøyr.
  • Gelrøyr: Hugs å kontrollere at silikongelen legg seg som ein barriere mellom blodlekamane og serum. Heile prøvetakingsrøyret skal sendast til laboratoriet.
  • Røyr utan gel: Serum skal overførast til eit transportrøyr innan to timar. Pass på at blodlekamane ikkje blir overførte til det nye røyret.
  • Prøvetakingsrøyr med heparin, EDTA, citrat: Røyret kan sentrifugerast like etter prøvetakinga. Pipetter plasma over i transportrøyr og merk røyret med rett type plasma.

Haldbarheit
Alt prøvemateriale har avgrensa haldbarheit. Sjå Analyseoversikten / rekvisisjonen.

Vanlegvis er det betre å oppbevare serum i kjøleskap til måndag morgon enn å sende dei i posten fredag ettermiddag. Ver merksam på haldbarheita ved sending over helga.

Merking og sending av prøvar

 

Handbok prøvetaking

Blodprøvetakinghttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/blodprovetakingBlodprøvetakingVenepunksjon / venøs prøvetaking29.06.2016 22:00:00
Pasientførebuinghttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/pasientforebuingPasientførebuing30.06.2016 13:47:20
Pasientidentifikasjon og merking av prøvarhttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/pasientidentifikasjon-og-merking-av-provarPasientidentifikasjon og merking av prøvarTa prøve av rett pasient og merk prøven korrekt.30.06.2016 13:49:59
Prøvar som blir avvistehttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/provar-som-blir-avvistePrøvar som blir avvistePrøvar som ikkje tilfredsstiller dei preanalytiske krava, blir avviste. Kriterium som skal føre til at ein blodprøve blir avvist:01.07.2016 06:52:44
Prøvebehandlinghttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/provebehandlingPrøvebehandlingDei fleste laboratoriekomponentane blir analyserte i serum. For å få serum må blodprøven takast på gelrøyr eller røyr utan tilsetjing, og prøven må sentrifugerast.30.06.2016 14:00:29
Rekkefølgje på røyr til blodprøvetakinghttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/rekkefolgje-pa-royr-til-blodprovetakingRekkefølgje på røyr til blodprøvetakingRekkjefølja er viktig for å unngå å overføre tilsetjingsstoff (citrat, heparin, EDTA etc.) frå røyr til røyr.30.06.2016 13:55:46
Smittefarehttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/smittefareSmittefareAlt biologisk materiale skal behandlast som smittefarleg. Ved kjend blodsmitte hos pasienten skal rekvisisjonen og blodprøvane merkjast med gult.01.07.2016 06:55:07