Pasientførebuing

​​​​​​​​​​​Faste

Nokre analysar krev at prøven er teken frå fastande pasient, det vil seie at pasienten ikkje skal ha ete, drukke eller røykt dei siste tolv timane. Pasienten kan drikke litt vatn for ikkje å bli tørr i munnen. Pasienten skal vere fastande f​or prøvetaking til følgjande komponentar: triglyseridar, glukose, glukosebelasting, laktosebelasting, c-peptid og insulin, gallesyre og transferinmetting.

Legemiddelfaste

Prøvar til legemiddelanalysar blir som regel tekne før neste dose (legemiddelfaste). For litium er det eigne retningslinjer.

Tidspunkt for prøvetaking

Nokre komponentar viser stor døgnvariasjon, til dømes s-jern og s-kortisol. Ved fleire prøvetakingar på same pasienten er det viktig å standardisere prøvetakingstidspunktet.
Generelt tilrår vi at blodprøvar ikkje blir tekne like etter at pasienten har ete eit feittrikt måltid. Noter alltid tidspunktet for prøvetakinga på rekvisisjonen.

Stillinga til pasienten (liggjande/sitjande)

Kroppsstillinga under prøvetakinga kan påverke konsentrasjonen av høgmolekylære stoff, blodceller og proteinbundne komponentar. Konsentrasjonen er høgare i ståande enn i liggjande stilling. Pasienten bør sitje i ro i om lag 15 minutt før blodprøven blir teken.

Fysisk aktivitet

Effekten av trening på analyseresultatet er avhengig både av treningsmengda og væskeinntaket. Ein bør unngå store fysiske påkjenningar i dagane før prøvetakinga.

Stress

Stress og uro i samband med blodprøvetaking kan påverke mellom anna konsentrasjonen av ACTH, kortisol, prolaktin og katekoalmin. Talet på leukocyttar og glukose kan stige ved fysisk og psykisk stress, og prøvetakinga bør skje utan å uroe pasienten.

Prøvetaking på barn

Blodprøvetakinga går lettare dersom barnet er førebudd. Prøvetakinga kan skje ved stikk i armen (venepunksjon) eller i fingeren/hælen (kapillær prøvetaking).

Bedøving

Smertestillande plaster eller krem kan påførast stikkstaden for å redusere smerte og stress ved blodprøvetaking. Bedøvinga må påførast i god tid før prøvetakinga, helst éin time. Skal berre brukast på barn over tre månader.

Meir informasjon om blodprøve

 

Handbok prøvetaking

Blodprøvetakinghttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/blodprovetakingBlodprøvetakingVenepunksjon / venøs prøvetaking29.06.2016 22:00:00
Pasientførebuinghttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/pasientforebuingPasientførebuing30.06.2016 13:47:20
Pasientidentifikasjon og merking av prøvarhttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/pasientidentifikasjon-og-merking-av-provarPasientidentifikasjon og merking av prøvarTa prøve av rett pasient og merk prøven korrekt.30.06.2016 13:49:59
Prøvar som blir avvistehttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/provar-som-blir-avvistePrøvar som blir avvistePrøvar som ikkje tilfredsstiller dei preanalytiske krava, blir avviste. Kriterium som skal føre til at ein blodprøve blir avvist:01.07.2016 06:52:44
Prøvebehandlinghttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/provebehandlingPrøvebehandlingDei fleste laboratoriekomponentane blir analyserte i serum. For å få serum må blodprøven takast på gelrøyr eller røyr utan tilsetjing, og prøven må sentrifugerast.30.06.2016 14:00:29
Rekkefølgje på røyr til blodprøvetakinghttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/rekkefolgje-pa-royr-til-blodprovetakingRekkefølgje på røyr til blodprøvetakingRekkjefølja er viktig for å unngå å overføre tilsetjingsstoff (citrat, heparin, EDTA etc.) frå røyr til røyr.30.06.2016 13:55:46
Smittefarehttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/smittefareSmittefareAlt biologisk materiale skal behandlast som smittefarleg. Ved kjend blodsmitte hos pasienten skal rekvisisjonen og blodprøvane merkjast med gult.01.07.2016 06:55:07