Blodprøvetaking

Venepunksjon / venøs prøvetaking

​​​​​​​​​ ​Generelle retningslinjer for venepunksjon:
Venepunksjonen bør utførast så raskt, hygienisk og smertefritt som mogleg. Venane i olbogeregionen er best eigna til blodprøvetaking. Plasser stasebandet om lag 10 cm ovanfor den planlagde punksjonsstaden. Stasen bør vere på så kort som mogleg. Unngå kombinasjonen av stase og knyting av handa.

Venøs blodprøvetaking
Kanyle føres inn i vene. Foto

Prøverør fylles med blod. Foto

1. Utfør handhygiene.
2. Identifiser pasienten.
3. Undersøk kva prøvar som skal takast, og om nokre av analysane krev viktige førebuingar.
4. Gjer klar for venepunksjon (kanyle, kanylehaldar, prøvetakingsrøyr, plaster og bomull).
5. Sjekk at pasienten har god sitjestilling, og at armen ligg godt.
6. Set på stasebandet.
7. Finn ein eigna stikkstad.
8. Desinfiser stikkstaden.
9. Gjennomfør venepunksjonen.
10. Slakk stasebandet når blodet renn.
11. Fyll røyra i rett rekkjefølgje og bland dei etter kvart.
12. Sikre kanylen og legg han i sikker avfallsbehaldar.
13. Set på bomull og plaster.
14. Merk røyra forsvarleg.
15. Utfør handhygiene.
16. Transporter prøven til laboratoriet.

Hugs at prøvetakingsrøyra skal stå og koagulere.

Lokalbedøving av huda
Emlakrem kan nyttast på barn over tre månader. Emlakrem må påførast ein time før prøvetaking for å ha effekt.

Fagprosedyre for venøs blodprøvetaking ligger også på Nasjonalt nettverk for fagprosedyrer. 

Fagprosedyre for venøs blodprøvetaking


Kapillær prøvetaking


Generelle retningslinjer for kapillær prøvetaking / hudpunksjon
Kapillær prøvetaking blir nytta når venepunksjon er umogleg eller svært vanskeleg å gjennomføre. Det gjeld i hovudsak barn. Hudpunksjon blir òg brukt til kapillær syrebase/blodgass og ved pasientnær testing.

Kapillær prøvetaking bør ikkje gjennomførast på pasientar med redusert perifer sirkulasjon (sjokk, lågt blodtrykk, hyperosmolær hyperglykemi og alvorleg dehydrering).

Hudpunksjon skal utførast i fingeren. Hos barn under tre månader bruker vi helst hælprøve. Det er viktig med god sirkulasjon før prøvetaking. Blodsirkulasjonen kan aukast ved å varme opp stikkstaden før prøvetaking.


Kapillær prøvetaking
Finger punkteres med lansett/nål. Foto
Første bloddråpe tørkes bort. Foto
Blod melkes forsiktig fram og fylles i prøverør. Foto
1. Utfør handhygiene.
2. Identifiser pasienten.
3. Varm handa dersom ho er kald.
4. Bruk helst langfingeren eller ringfingeren. La handa vende nedover.
5. Stikk med sjølvutløysande nål i sida av fingertuppen. Vent eit par sekund.
6. Tørk vekk den første bloddråpen med mindre produsenten av eventuelt PNA-utstyr tilrår noko anna.
7. Trykk fram ein god dråpe blod.
8. La den hengjande dråpen gli ned i mikrorøyret.
9. Gjenta punkta 7 og 8. Mjølk blodet forsiktig fram. Kvaliteten på prøven blir dårlegare dersom ein klemmer mykje.
10. Fyll røyra i rett rekkjefølgje.
11. Bland og kork mikrorøyr som har antikoagulant.
12. Set på ein kompress og komprimer stikkstaden.
13. Merk røyra forsvarleg.
14. Utfør handhygiene.
15. Kast den brukte lansetten i sikker avfallsbehaldar.
16. Transporter prøven til laboratoriet.

 

Handbok prøvetaking

Blodprøvetakinghttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/blodprovetakingBlodprøvetakingVenepunksjon / venøs prøvetaking29.06.2016 22:00:00
Pasientførebuinghttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/pasientforebuingPasientførebuing30.06.2016 13:47:20
Pasientidentifikasjon og merking av prøvarhttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/pasientidentifikasjon-og-merking-av-provarPasientidentifikasjon og merking av prøvarTa prøve av rett pasient og merk prøven korrekt.30.06.2016 13:49:59
Prøvar som blir avvistehttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/provar-som-blir-avvistePrøvar som blir avvistePrøvar som ikkje tilfredsstiller dei preanalytiske krava, blir avviste. Kriterium som skal føre til at ein blodprøve blir avvist:01.07.2016 06:52:44
Prøvebehandlinghttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/provebehandlingPrøvebehandlingDei fleste laboratoriekomponentane blir analyserte i serum. For å få serum må blodprøven takast på gelrøyr eller røyr utan tilsetjing, og prøven må sentrifugerast.30.06.2016 14:00:29
Rekkefølgje på røyr til blodprøvetakinghttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/rekkefolgje-pa-royr-til-blodprovetakingRekkefølgje på røyr til blodprøvetakingRekkjefølja er viktig for å unngå å overføre tilsetjingsstoff (citrat, heparin, EDTA etc.) frå røyr til røyr.30.06.2016 13:55:46
Smittefarehttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/laboratorium-for-klinisk-biokjemi/handbok-i-blodprovetaking/smittefareSmittefareAlt biologisk materiale skal behandlast som smittefarleg. Ved kjend blodsmitte hos pasienten skal rekvisisjonen og blodprøvane merkjast med gult.01.07.2016 06:55:07