Utgreiing av Philadelphia-negativ myeloproliferativ sjukdom

Kjenneteikna til Philadelphia-kromosom-negativ myeloproliferativ sjukdom (MPN) er overproduksjon av modne, funksjonelle blodceller og omfattar i hovudsak

- polycytemia vera (PV)
- essensiell trombocytemi (ET)
- primær myelofibrose (PMF)

Det siste tiåret har MPN-relaterte somatiske mutasjonar i janus kinase 2 (JAK2), trombopoietin reseptor (MPL) og calretikulin (CALR) gena blitt identifisert. Alle desse mutasjonane førar til aktivering av JAK/STAT signalvegen.

JAK2-V617F mutasjonen sjåas hos ~ 95 % av pasientar med PV og hos ~ 60 % av pasientar med ET og PMF. Mutasjonar i exon 9 av CALR-genet sjåast hos 25-50 % av JAK2-V617F-negative pasientar med ET og PMF, og mutasjonar i MPL-genet sjåast hos rundt 10 % av JAK2-V617F-negative pasientar med ET og PMF. Av mutasjonar i MPL-genet er W515L den vanlegaste, etterfølgd av W515K og W515A.

WHO diagnostiske kriteria for MPN er ikkje fullt oppdaterte med omsyn på desse nye markørane, men dei er inkludert i diagnose kriteria angitt i Nasjonalt handlingsprogram med retningslinjer for diagnostikk, behandling og oppfølging av maligne blodsykdommer.

Molekylærbiologisk seksjon som er ansvarleg for desse analysane ved LKB deltek i MPN&MPNr-EuroNet COST Action BM0902 «A EU sponsored Network of Experts on the Molecular Diagnosis of Myeloproliferative Neoplasm (MPN) and MPN-related congenital diseases (MPNr)».

Tilgjengelege analysepakker:

Ved Laboratorium for klinisk biokjemi har vi tilgjengelig følgjande analysepakker for utgreiing og monitorering av Philadelpia-negativ myeloproliferativ sjukdom:

Utgreiing for polycytemia vera (PV): 
JAK2-V617F. 
I 2017 vil i tillegg JAK2 exon 12 mutasjonar bli inkludert.

Utgreiing for essensiell trombocytemi (ET) og primær myelofibrose (PMF):

1) JAK2-V617.

Dersom JAK2-V617F ikkje blir påvist:

2) CALR.

Dersom CALR mutasjonar ikkje blir påvist:

3) MPL-W515K og MPL-W515L.

CALR kan i tillegg og rekvirerast aleine, men berre dersom JAK2-V617F er analysert innan siste 6 månader med negativt resultat

Monitorering av kjend JAK2-V617F positiv sjukdom:
JAK2-V617F kan rekvirerast direkte for monitorering av pasientar med kjend JAK2-V617F positiv sjukdom. Rutinemessig monitorering av molekylær respons av JAK2-V617F er foreløpig ikkje anbefalt, utanom i spesielle tilfeller. Sjå nordiske anbefalinger ved Nordic MPD study group. Guidelines for the diagnosis and treatment of patients with polycytemia vera, essential thrombocythemia and primary myelofibrosis, oppdatert 2017.

 

Prøvemateriale:

Alle problemstillingar: 3 mL EDTA-blod.

Analysar:

JAK2-V617F:

Analysen er kvantitativ og rapporteras som JAK2-V617F alleleler/totalt mengde allel i prosent. Resultat > 0,4 % karakteriserer pasienten som JAK2-V617F positiv.

CALR:

Sanger-sekvensering vil bli nytta til å undersøke for mutasjonar i CALR ekson 9, og resultat vil bli rapportert som påvist eller ikkje påvist. Eventuelle mutasjonsfunn vert namngjevne jf. HGMV.

MPL-W515K og W515L:

Analysen for MPL-mutasjonane W515K og W515L er kvalitativ, og mutasjonane vil derfor bli rapporterte som påvist eller ikkje påvist, basert på cut-off 1,5 % W515K/L av total W515. Metoden kan i tillegg indikere førekomst av W515A-mutasjonen dersom denne er tilstade i høg grad (>>50 %). Ved mistanke om W515A-mutasjonen vil denne verifiserast ved sekvensering av MPL-genet. Andre mutasjonar i MPL-genet blir ikkje oppdaga med vår metode.