Rusmiddelanalysar i urin

LKB tilbyr analyse av ei rekke rusmiddel, oftast i urin. Ein kan velge mellom to ulike analysetypar, screening og spesifikk analyse, med ulike bruksområde og ulik svartid. Ved behov kan ein kontakte klinisk farmakolog for tolking av resultata.

​Av lege Camilla Borthen Methlie​

Rusmiddel i urin blir screena med immunologiske metodar og påvist spesifikt med metodar baserte på kromatografisk separasjon og massespektrometrisk deteksjon (LC-MS/MS).

Screening blir brukt når det er mistanke om misbruk eller tilfeldig inntak av rusmiddel, og der ein har behov for raskt svar. Spesifikk påvising identifiserer fleire enkeltstoff og tilhøyrande metabolittar innanfor ei rusmiddelgruppe og kan òg brukast til å vurdere nytt inntak hos pasientar som blir kontrollerte jamleg.

Praktisk informasjon

Nødvendig prøvevolum er 5 mL urin, helst morgonurin. Ikkje dypp gjenstandar som stiks eller hurtigtestar i urinen. Urin er haldbar i inntil éi veke i kjøleskap. U-kreatinin og u-pH blir analysert for å vurdere kvaliteten på prøven. Ved u-kreatinin < 2 mmol/L er det tilrådd med ein ny prøve på grunn av fortynningseffekten (mogleg falskt negativt prøveresultat). Prøven blir øydelagd ved tilsetjing av salt, eddiksyre, såpe, natriumkloritt eller vatn.


Alle prøvar blir lagra nedfrosne i laboratoriet i éin månad. Rutineprøvar til screening blir analyserte måndag–fredag mellom klokka 07 og klokka 15 og blir rapporterte fortløpande. Svartida er maksimum eitt døgn. For interne rekvirentar blir det utført hasteprøvar alle dagar mellom klokka 07 og klokka 21. 

Spesifikk påvising blir utført éin gong dagleg måndag–fredag. Svartida er vanlegvis minimum tre dagar. Ta gjerne kontakt med laboratoriet på telefon 55 97 31 00 ved spørsmål om analysar eller analyseresultat.

Fortolking

Fortolking av rusmiddelanalysar er komplisert på grunn av ei rekkje biologiske og analytiske forhold. Ved høgt inntak eller ved bruk av stoff med lang halveringstid (særleg cannabinoidar) kan stoffet påvisast i urinen i mange veker etter siste inntak. Avgrensa inntak av eit rusmiddel kan medføre negativt svar.


Analyseresultata blir oppgitte som «ikkje påvist» eller «påvist», og det blir oppgitt vanleg påvisingstid. Ved behov for ei medisinsk-fagleg vurdering kan ein kontakte vakthavande klinisk farmakolog (via ekspedisjonen på tlf. 55 97 31 00).

Ulike prøvetypar og juridiske konsekvensar
Sosial- og helsedirektoratet har utarbeidd retningslinjer for rusmiddelanalysar. Ein skil mellom medisinske prøvar (diagnostikk og behandling) og kontrollprøvar som kan få konsekvensar i form av negative sanksjonar overfor prøvegivaren.

Kontrollprøvar som kan få juridiske implikasjonar (til dømes i barnevernssaker, i arbeidslivet eller ved strafferettslege forhold), skal underleggjast strenge retningslinjer med omsyn til prøvetaking, prøvesikring, analyse og fortolking. For denne typen prøvar viser vi til Nasjonalt folkehelseinstitutt, divisjon for rettstoksikologi og rusmiddelforsking.

Medisinske prøvar skal ikkje brukast som grunnlag for alvorlege sanksjonar.