Nyrefunksjon

Blant dei ulike nyrefunksjonsundersøkingane er det fastsetjing av GFR og måling av urin albumin eller protein som har størst utgreiings- og oppfølgingsverdi.

Av overlege Atle Brun og overlege Kristin M. Aakre

Glomerulær filtrasjons rate (GFR) er eit mål på nyrefunksjon og kan estimerast (eGFR) basert på serum kreatinin eller målast nøyaktig ved ioheksol-clearance.   Nivået av s-kreatinin og s-karbamid brukt åleine er òg indikatorar på nyrefunksjonen. Rangering av diagnostisk kvalitet: målt GFR (ioheksol-clearance) > eGFR > s-kreatinin > s-karbamid. Urin albumin eller protein er eit mål på nyreskade og den viktigaste prognostiske nyreparameteren.


Nyresjukdom vert klassifisert basert på GFR og urin albumin konsentrasjon. Fargane indikerer risiko for å utvikle kronisk nyresjukdom. Grøn: låg risiko; gul: Moderat auka risiko; orange: Høg risiko; raud: Svært høg risiko

Tabell

Urin albumin eller protein

Ved analyse av urin albumin eller protein analyserer laboratoriet også urin kreatinin og svaret som blir gjeve ut er ratioen av urin albumin og kreatinin verdien. Dette blir gjort for å standardisera målinga mtp konsentrasjonsendringar av urinen.

Indikasjonar: Utgreiing av tidlig nyreskade, spesielt eigna ved diabetes eller hypertoni. Analysen er viktig då rett behandling kan reversera nyreskaden dersom den vert gjeven tidleg nok (ved lågt nivå av urin albumin dvs. verdiar under 30 mg/mmol kreatinin).

Viktige avgrensingar: For diagnostikk er det nødvendig å påvisa positivt resultat to gonger ila 3 mnd. (med minst ei vekes mellomrom). Ved tvil bør ein ta inntil tre prøvar. Nyrefriske kan få påvist lett auka verdiar utan klinisk betyding etter fysisk aktivitet, akuttfase og urinvegsinfeksjon.

Estimert GFR (eGFR)

Blir berekna automatisk og rapportert saman med s-kreatininverdien vha formel (CKD-EPI) basert på s-kreatinin, kjønn og alder. For pasientar av afroamerikansk etnisitet bør ein multiplisera eGFR verdien med 1,15. Dette gjeld ikkje for andre folkegrupper (inkludert afrikansk etnisitet).


Indikasjonar: Utgreiing og oppfølging av nyrefunksjon hos personar over 18 år. Risikofaktorar for redusert nyrefunksjon er diabetes, hypertensjon, kardiovaskulær sjukdom og kjend familiær opphoping av nyresjukdom.

Viktige avgrensingar: Generelt er eGFR unøyaktig (± 30 prosent) samanlikna med eksakt målt GFR. Spesielt stor usikkerheit finn ein hos pasientar med:

  • avvikande muskelmasse i forhold til kjønn og alder (pasientar med låg BMI, høg alder, muskelsjukdommar, amputasjonar, pareser og hos bodybuildere)
  • høgt/lågt inntak av kjøtt eller inntak av kreatin
  • graviditet
  • inntak av medikament som påverkar sekresjonen av kreatinin i nyrene (bl.a. cimetidin, trimetoprim)
  • pasientar med raskt fallande nyrefunksjon
  • pasientar som er nyretransplanterte

Nøyaktig målt GFR: iohexol-clearance

Poliklinisk sjukehusundersøking der GFR blir målt ved bruk av iohexsol (røntgenkontrastmidlet Omnipaque) gitt i ein låg dose i.v. og deretter blodprøve vanlegvis etter fire timar. Sensitiv og nøyaktig GFR-fastsetjing med svært god korrelasjon til inulin eller 51Cr-EDTA-clearance.

Indikasjonar: Behov for nøyaktig GFR-fastsetjing. Mistanke om moderat nedsett GFR (til dømes kontroll ved potensielt nefrotoksiske legemiddel eller kontroll av urinvegsanomaliar / post-renal hindring). Sterkt redusert GFR og samtidig behov for eksakt GFR-fastsetjing (til dømes progredierande nyrefunksjonstap, vurdering mtp oppstart av dialysebehandling eller dosering av visse farmaka med renal utskiljing), spesielt hos pasientar der ein mistenkjer at eGFR gir eit feilaktig bilete av nyrefunksjonen (avvikande muskelmasse eller andre årsaker).

Informasjon om pasientførebuing og prosedyrebeskriving finst på eigen rekvisisjon for iohexol-clearance.