Myelomatose

Myelomatose er ein malign sjukdom med klonal ekspansjon av plasmaceller og der ein har produksjon av monoklonalt immunoglobulin i serum eller urin. I tillegg endeorganskade som anemi/beinmargsvikt, nyresvikt og skjelettdestruksjoner. Føremålet med biokjemisk utgreiing er å undersøke om det foreligg monoklonalt immunglobulin i serum eller urin, samt bestemme immunoglobulinklasse og type lett kjede. Ved biokjemisk kontroll undersøker ein om den monoklonale komponenten aukar som følge av sjukdomsprogresjon, vert redusert som respons på terapi, eller er uendra.

​Av lege Kristin Varsi ​

Indikasjonar for prøvetaking:

Analysen "Utgreiing av myelomatose (M-komponent)" skal berre rekvirerast ved mistanke om myelomatose, i prinsippet berre ein gang per pasient då den monoklonale komponenten normalt ikkje endrar seg i klasse og type lett kjede. Føremålet med utgreiing er å undersøke om det er monoklonalt immunglobulin i serum eller urin, og å bestemme immunglobulinklasse (IgG, IgA, IgM) og type lett kjede (kappa eller lambda).

Analysene «Kontroll av myelomatose (M-komponent)» eller «Kontroll av lett kjede-sjukdom» skal rekvirerast når pasienten har kjend myelomatose / kjend monoklonal komponent. Føremålet med kontroll er å sjå om den monoklonale komponenten aukar som følgje av sjukdomsprogresjon, blir redusert som respons på terapi eller held seg uendra.

Analysar ved "Utgreiing av myelomatose (M-komponent)":

Serum elektroforese

Frie lette kjeder i serum med kappa-/lambda-ratio
Kvantitering av immunglobulin (IgA, IgG, IgM)
Urin proteinelektroforese ved motteken urin og indikasjon til stade.

Dersom monoklonalt band blir påvist, vil kvantitering av M-komponent og immunfiksering i serum eller urin (for å bestemme immunglobulinklasse med tilhøyrande lett kjede) bli utført.

Analysar ved "Kontroll av myelomatose (M-komponent)":

Serum elektroforese (og eventuelt M-komponent-kvantitering)

Kvantitering av immunglobulin (IgA, IgG, IgM)
Ved spørsmål om komplett remisjon vil immunfiksering i serum bli utført.

Analysar ved "Kontroll av lett kjede sjukdom:

Frie lette kjeder i serum med kappa-/lambda-ratio
Kvantitering av immunglobulin (IgA, IgG, IgM)
Urin proteinelektroforese/urin immunfiksering ved motteken urin

Rekvirentar internt på Haukeland universitetssjukehus må bestille urin proteinelektroforese i tillegg til "Kontroll av lett kjede-sjukdom" i DIPS. Laboratoriet vil etterrekvirere urin immunfiksering ved påvist band på urin proteinelektroforese eller ved spørsmål om komplett remisjon.

Eksterne rekvirentar kan sende urin saman med andre blodprøvar når dei rekvirerer "Kontroll av lett kjede-sjukdom".