Legemiddelbiverknader

Debut og forløp av ein uønskt reaksjon på eit legemiddel, respons på seponering eller reintroduksjon, haldepunkt i litteraturen og tidsrelasjon (reaksjon kjem etter start av legemiddelbehandling) er vesentlege for å mistenkje ein legemiddelbiverknad.

​Av overlege Jan Schjøtt

Det er viktig å merke seg at biverknader kan komme av akkumulering av toksiske metabolittar og debutere sjølv etter at legemiddelet er seponert. Diagnostikk av ein legemiddelbiverknad er som regel basert på eksklusjon av andre årsaker.

Årsakssamanhengen mellom legemiddelet og symptoma er berre unntaksvis etablert, men mistanken aukar ved klar forbetring ved seponering. Alternativt om reaksjonen kjem tilbake når pasienten blir eksponert for legemiddelet på nytt. Det finst få diagnostiske undersøkingar som er spesifikke for legemiddel som årsak til ein reaksjon, men analysar av legemiddel og rusmiddel i blod saman med analyse av utvalde medisinsk-biokjemiske parametrar kan vere nyttige hjelpemiddel.

Kontakt vakthavande klinisk farmakolog for rådføring. Hugs også å melde mistenkte legemiddelbiverknader til RELIS (Produsentuavhengig legemiddelinformasjon).