Blodutstryk frå primærhelsetenesta

Hovedindikasjon for å rekvirere blodutstryk er mistanke om leukemi etter klinisk evaluering eller ut frå svar på tidlegare laboratorietestar.

​Av lege Kristin Varsi og Anne-Lise Bjørke Monsen

Indikasjon for rekvirering av blodutstryk for eksterne rekvirenter er først og fremst mistanke om leukemi etter klinisk evaluering eller ut frå svar på tidlegare laboratorietestar:
• uttalt avvik i fleire cellelinjer
• mistanke om lavgradig lymfoproliferativ sjukdom, (KLL): lymfocyttar > 6,0 x 109/L og alder > 40 år

Vurdering av det hematologiske cytogrammet gir ein adekvat og korrekt informasjon om erytrocyttar og trombocyttar, og blodutstryk sjåast på som unødvendig for å vurdere desse to cellerekkene. Unntak er ved mistanke om alvorleg hemoglobinopati eller defektar i erytrocyttmembranen.

Rekvirerte utstryk med normalt hematologisk cytogram blir ikkje vurdert av lege ved LKB, og blir besvart med «Normalt hematologisk cytogram - blodutstryk ikke vurdert».

Ved rekvirering av hematologiske analysar blir cytogram vurdert. Der ein finn patologi som kan gi mistanke om alvorleg hematologisk sjukdom, blir utstryk rekvirert og vurdert av laboratorielege ved LKB. Dersom utstryk gir mistanke om akutt leukemi eller mikroangiopati blir vakthavande lege på hematologisk avdeling kontakta, og rekvirent informert umiddelbart. Ved mistanke om kronisk myeloid leukemi, myelodysplasi eller kronisk lymfatisk leukemi sendast utstryket til vurdering hos hematolog og rekvirent vil få skriftleg svar i løpet av 3-5 dagar.