Antifosfolipidsyndrom

Antifosfolipidsyndrom er ein tilstand med auka risiko for recidiv av kliniske hendingar som venøse og/eller arterielle tromboser og/eller visse svangerskapskomplikasjoner. Diagnostisering av antifosfolipidsyndrom kan føre til endra behandling/profylakse for å unngå recidiv av klinisk(e) hending(ar). Det er vanligvis ikkje indikasjon for slik utgreiing hos personar som ikkje har hatt kliniske hendingar då det ikkje er kjent kva klinisk betydning positive laboratoriefunn har i ein slik situasjon.

​Av overlege Ann-Helen Kristoffersen​

Indikasjon: Gjennomgått arteriell eller venøs tromboembolisme utan utløysande årsak hos pasientar under 50 år eller ved svangerskapskomplikasjonar (> 2 spontane abortar før veke 10, spontan abort av morfologisk normalt foster eller prematur fødsel (før veke 34) av morfologisk normalt barn på bakgrunn av preeklampsi eller placenta insufficiens.

 

Rekvirering av "Antifosfolipidsyndrom" fører til analysering av: lupus antikoagulant (LA), anti-kardiolipin (aCL) og anti-beta2 glycoprotein 1 (aβ2GPI) antistoff. Lupus antikoagulant består av DRVVT (dilute russel viper venom time) og SCT (silica clotting time). Analyseresultata vert vurdert av lege ved LKB og det blir gjeve ein kommentar.

 

For å kunne stille diagnosen antifosfolipidsyndrom må pasienten ha gjennomgått ein eller fleire av dei kliniske hendingane nevnt over og i tillegg må ein eller fleire av analysane nevnt over vere positive minst 2 gonger med minst 3 månader mellom prøvene. Ein pasient som er positiv for lupus antikoagulant har større risiko for residiv av den tromboemboliske hendinga enn ein pasient som berre er positiv for aCL eller aβ2GPI antistoff. Dess fleire av dei tre analysane som er positive dess større er risikoen for residiv. IgG er ein sterkare risikofaktor enn IgM, og risikoen er høgre ved høg titer enn ved lave titer/grenseverdiar.

 

Låg titer eller grense verdiar for lupus antikoagulant, aCL og aβ2GPI antistoff er av usikker klinisk betydning, og kan blant anna sjåast ved graviditet, kroniske sjukdomar, høg alder, gjennomgått infeksjon (borrelia, syfilis, malaria eller enkelte virale infeksjoner) samt ved bruk av enkelte nevroleptika. Det er difor viktig alltid å kontrollere ny prøve etter minst 3 månader.

 

Hos ein pasient som ikkje har hatt nokon av dei kliniske kriteria nevnt over vil positive resultat vere av usikker klinisk betydning. Det er uvisst korleis ein skal behandle pasientar som har fått påvist positive resultat på desse analysane utan å ha hatt tromboemboliske hendingar. Ein bør difor ikkje rekvirere antifosfolipidsyndrom hos pasientar utan klar indikasjon.

 

For meir informasjon om rekvirering av analyser ved spørsmål om auka trombosetendens, sjå «Utgreiing av trombosetendens».


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.