Anafylaksi

Indikasjon: Tilleggsutgreiing ved mistanke om anafylaksi

​Av overlege Erik Florvaag​

Bakgrunn

Anafylaksi er ein generell overfølsemdsreaksjon utløyst av ei eksponering. Det er ein akutt-tilstand som ytrar seg i form av ei dynamisk utvikling av symptom frå to eller fleire organsystem som anten oppstår plutseleg, samtidig eller i rask rekkjefølgje etter kvarandre. Omgrepa blir brukte om det kliniske sjukdomsbiletet uavhengig av kva sjukdomsårsak eller sjukdomsmekanisme som måtte liggje bak. Ei enkel inndeling er IgE-mediert og ikkje-IgE-mediert anafylaksi, der den sistnemnde gruppa rommar mange moglege mekanismar og følgjeleg òg svært mange differensialdiagnosar.

Nokre blodprøveanalysar tekne i akuttsituasjonen og igjen etter om lag eit døgn kan i ettertid bidra til å støtte opp under den kliniske anafylaksidiagnosen og eventuelt indikere årsak og reaksjonsmekanisme:
Akuttsituasjon, optimalt etter om lag 2–4 timar, skal rekvirerast i same serumprøve:

s-tryptase 1 (akuttverdi)
s-total IgE
s-spesifikk IgE-antistoff

anten mot standard allergenpanel (luftvegsallergen, matallergen) og/eller individuelle enkeltallergen styrte av opplysningar i sjukehistoria om moglege involverte eksponeringar (insektsgift, matvare, legemiddel o.a.).
Oppfølgingsprøve etter om lag 24 timar: s-tryptase 2 (basisverdi)

Tolking

Ei akutt stiging av s-tryptase på meir enn tre gonger basisverdien tilseier at det har vore mastcelleaktivering som samsvarer med anafylaksi, men ikkje korleis aktiveringa er initiert, det vil seie om ho er IgE-mediert eller ikkje. Det siste vil resultata av IgE-analysane kunne bidra til å avklare.

Ein vedvarande høg s-tryptase taler for mogleg systemisk mastocytose og bør utgreiast vidare hematologisk.

Spesielle problemstillingar

For spesielle problemstillingar som anafylaksi i tilslutning til generell narkose finst det eigne rutinar for prøvetaking, rekvirering og klinisk dokumentasjon av hendinga – sjå nettadressa http://www.nafweb.no.

NB!

Det er viktig at lege eller anna helsepersonell som primært handterer ein anafylaktisk episode, dokumenterer omstenda omkring anfallet, som mistenkt eksponering, tidsforløp, symptomutvikling, bruk av alkohol og legemiddel o.a., i tillegg til effekten av eventuell igangsett behandling (adrenalin i.m. !).


Dei må òg sjå til at pasienten i etterkant blir tilvist til påfølgjande allergologisk utgreiing og oppfølging der dei kliniske opplysningane og aktuelle blodprøvesvar utgjer ein vesentleg grunnlagsinformasjon (jf. Nasjonal veileder i praktisk anafylaksihåndtering, Norsk forening for allergologi og immunpatologi (NFAI) – blir utgitt 2013/2014).