Allergi

Seksjon for allergi- og proteinanalysar tilbyr eit stort utvalg av allergianalysar. For oversikt over våre analysar, sjå analyseoversikten.no.

​​​​​Indikasjon
Utgreiing av allergisk sjukdom som kan skrive seg frå førekomst av immunglobulin E (IgE)-antistoff.

Bakgrunn
Allergi er definert som immunologisk overfølsemd og ytrar seg klinisk i form av objektive symptom og sjukdomsteikn som gjentek seg ved eksponering for definerte miljøfaktorar (det vil seie allergene molekyl) i dosar som friske (ikkje allergiske) individ toler. Det er fleire moglege sjukdomsmekanismar og mange differensialdiagnosar.

IgE-antistoff
Er det kort tid mellom eksponering og symptomutvikling (straks- eller type I-allergi), er førekomst av IgE-antistoff med spesifisitet retta mot bindingsstader (epitopar) på allergenet som utløyser reaksjonen, den vanlegaste mekanismen.
IgE-antistoffa kan anten målast direkte i serum som ein fritt sirkulerande konsentrasjon (kU/L), eller også indirekte påvisast reseptorbunde på overflatene av mastceller (i huda) og basofile granulocyttar (i blodet) ved høvesvis prikk- og histaminfrigjeringstestar.

Allergisk betennelse
Interaksjonen mellom allergen og allergenspesifikt IgE på celleoverflater aktiverer effektorcellene. Dei friset ei lang rekkje ferdig lagra (histamin m.fl.) eller nydanna (leukotrienar m.fl.) signalsubstansar, som i sin tur induserer allergisk betennelse i tilstøytande vev og organ. Dette er det patofysiologiske grunnlaget for det kliniske uttrykket.

Analyserepertoaret

Allergenspesifikt IgE
Analyserepertoaret vårt omfattar høvet til å rekvirere analysar av allergenspesifikt IgE serologisk eller ved prikktest. I tillegg utfører ein histaminfrigjeringstesten (HR-T), som er ein spesialanalyse som må avtalast på førehand.

Allergenekstrakt, enkeltallergen og allergenpanel
Vanlegvis blir IgE-diagnostikk utført ved bruk av ekstrakt av ei allergenkjelde (pollen, matvare, husstøvmidd o.a.). Det blir vanlegvis rekvirert IgE-antistoff mot enkeltallergen etter kva sjukehistoria måtte indikere (presisjonsstrategi). Særleg dersom formålet er å utelukke at det ligg føre IgE-sensibilisering, vil bruk av allergenpanel, det vil seie mange allergen i éin analyse, vere rasjonelt. Av panel tilbyr vi to: s-Phadiatop (luftvegsallergen) og s-FX5 (matallergen). Som oftast gir dette saman med det kliniske biletet tilstrekkeleg diagnostisk avklaring.

Oversikt over enkeltallergen som vert analysert ved LKB ligg på botnen av sida.

Allergene komponentar
«Moderekstrakta» vil likevel innehalde mange forskjellige molekyl, og ved positiv IgE-test vil ein ikkje vite kva for eit av enkeltmolekyla IgE-antistoffa har bunde seg til.
Nokre gonger er det behov for meir presist å skilje mellom primær- og kryss-sensibilisering. Sidan nokre allergen er strengt artsspesifikke, mens vi finn andre att i mange andre artar som såkalla panallergen, vil bruk av allergene komponentar (det vil seie nativt opprensa eller rekombinant framstilte allergene enkeltmolekyl) tillate ei nærmare kartlegging av sensibiliseringsmønsteret. Det kan – i visse tilfelle – bidra til høgare diagnostisk presisjon, rettare behandling og sikrare risikovurdering.

Den kliniske erfaringa med komponentar er enno avgrensa, og komponentanalysar er meir kostbare enn dei klassiske ekstraktbaserte. Ergo vil rekvirerte komponentar ikkje bli analyserte utan at:
a – det ligg føre IgE-resultat med «moderekstraktet», og utan at
b – rekvirenten har grunngitt det kliniske behovet for komponentanalysar.

Tolking
Ein positiv test, det vil seie s-IgE lik eller høgare enn 0,35 kU/L, eller ein positiv prikk- og/eller histaminfrigjeringstest, seier at pasienten er IgE-sensibilisert, men ikkje nødvendigvis at pasienten blir allergisk sjuk av å bli eksponert for det aktuelle allergenet.

Viktig å observere
Diagnostikk av allergi og anna overfølsemd baserer seg primært på kliniske metodar som sjukehistorie, klinisk undersøking, hudtesting og – når nødvendig – eliminasjons-, eksponerings- og provokasjonsforsøk. Laboratoriemetodar kan bidra til å peike på moglege operative sjukdomsmekanismar og årsaker, men vil åleine, utan kunnskapane frå den kliniske utgreiinga, aldri vere diagnostiske for allergisk sjukdom.

 
Total IgE
Total IgE måler samla to forhold som kan vere av klinisk nytte:
a – summen av alle IgE-antistoff pasienten har utvikla, som seier noko om evna pasienten har til å reagere med ein IgE-produksjon på allergeneksponering, altså om vedkommande er ein god eller dårleg IgE-responder. Eigenskapen er genetisk betinga, men avhengig dels av den allergene eksponeringa.
b – summen av IgE-molekyl (utan allergenspesifisitet), som reflekterer effekten av andre faktorar (enn allergeneksponering) som påverkar IgE-syntesen.

Tolking og bruk
Bør vurderast teke med ved allergiutgreiing sjølv om analysen er for lite sensitiv og spesifikk til eintydig å skilje mellom IgE-mediert og ikkje-IgE-mediert allergi.
Bør òg vurderast teke med ved kontroll og oppfølging av allergi fordi han – rett nok over tid – kan bidra til å overvake den allergiske utviklinga: stigande verdi ved vedvarande eller aukande allergeneksponering, fallande verdi etter intervensjonar med sikte på opphøyr av eksponering.

Nivået av total IgE kan vere nyttig å kjenne til når ein skal vurdere kva IgE-nivåa har å seie for gitte enkeltallergen.

Ved verdiar over om lag 3000 kU/L kan ein no og då sjå låggradig positive verdiar på allergenspesifikt IgE som skriv seg frå uspesifikk binding og derfor er utan klinisk betyding.
 
Høve til etterrekvirering
Etter at dei rekvirerte analysane er utførte og rapporterte, skal overskytande serum oppbevarast i 14 dagar i laboratoriet for at rekvirenten skal kunne etterrekvirere ved behov. I så fall må det takast direkte kontakt med laboratoriet på tlf. 55 97 31 00

Serum-markørar for akutt og kronisk (eosinofil) allergisk betennelse

Vi analyserer to in vitro-markørar for høvesvis akutt og kronisk allergisk betennelse:
s-tryptase er ein mastcellespesifikk markør der metoden vår måler både alfa- og beta-analogen. Han har hovudindikasjon ved meir utbreidde reaksjonar som kjem av akutt aktivering av mastceller, som ved anafylaksi (sjå anafylaksiutgreiing). Ei observert stiging må alltid følgjast opp med ein ny analyse i ustimulert fase.
Markøren kan òg nyttast ved mistanke om systemisk mastocytose, fordi han i ustimulert fase òg reflekterer talet på mastceller i kroppen.

s-ECP, ein av fleire toksiske protein i den eosinofile granulocytt, kan indirekte nyttast til å monitorere graden av kronisk eosinofil betennelse i større organ som luftvegsslimhinnene. Det er den patogenetiske mekanismen ved dei fleste astmafenotypar. Det er eigne krav til prøvetakinga (sjå rekvisisjonen).


Oversikt over enkeltallergen som vert analysert ved LKB

Mat

 

F1       

Eggehvite

F2       

Kumelk

F3

Torsk

F4

Hvete 

F5

Rug    

F6

Bygg

F7

Havre

F8

Mais

F9

Ris

F10

Sesamfrø

F12

Ert

F13

Peanøtt

F14

Soyabønne

F15

Bønne (hvit)

F17

Hasselnøtt

F18

Paranøtt

F20

Mandler

F23

Krabbe

F24

Reke

F25

Tomat

F26     

Svinekjøtt

F27

Oksekjøtt

F31

Gulrot

F33

Appelsin

F35     

Potet

F36

Kokosnøtt

F37

Blåskjell

F40

Tunfisk

F41

Laks

F44

Jordbær

F45

Gjær

F47

Hvitløk

F48

Løk

F49

Eple

F75

Eggeplomme

F76

Alfa-lactalbumin

F77

Beta-lactoglobulin

F78

Kasein

F79     

Gluten

F80

Hummer

F83     

Kyllingkjøtt

F84

Kiwi

F85

Selleri

F87

Melon

F88

Får (lammekjøtt)

F89

Sennep

F91

Mango

F92

Banan

F93

Kakao

F94

Pære

F95

Fersken

F96

Avokado

F202

Cashew-nøtt

F203

Pistasjenøtt

F204

Ørret

F205

Sild

F206

Makrell

F208

Sitron

F209

Grapefrukt

F210

Ananas

F212

Champignon

F215

Salat

F218

Paprika

F219

Fennikelfrø

F220

Kanel

F221

Kaffe

F222

Te

F224

Valmuefrø

F232

Ovalbumin

F233

Ovomucoid

F234

Vanilje

F237

Aprikos

F242

Kirsebær

F244

Agurk

F247

Honning

F253

Pinjekjerne

F254

Rødspette

F255

Plomme

F256

Valnøtt

F259

Drue

F260

Brokkoli

F267

Kardemomme

F269

Basilicum

F271

Anis

F273

Timian

F277

Dill

F279   

Chilipepper

F280

Sort pepper

F283

Oregano

F284

Kalkunkjøtt

F288

Blåbær

F291   

Blomkål

F299

Kastanjenøtt

F300

Geitemelk

F302   

Mandarin (Klementin)

F320

Kreps

F328

Fiken

F330

Nype

F333   

Linfrø

F334

Bovint lactoferrin

F335

Lupinfrø

F341

Tranebær

F342

Oliven (sort)

F343

Bringebær

F351

Tropomyosin

F416

Gliadin (rekomb hvete)

 

 

Dyr

 

E1

Katt (epitel og flass)

E3

Hest (flass)

E4

Ku (flass)

E5      

Hund (flass)

E6

Marsvin (epitel)

E70

Gås (fjær)

E71

Mus (epitel)

E72

Mus (urinprotein)

E73

Rotte (epitel)

E74

Rotte (urinprotein)

E75

Rotte (serumprotein)

E78

Undulat (fjær)

E80

Geit (epitel)

E81

Sau (epitel)

E82

Kanin (epitel)

E83

Gris (epitel)

E84

Hamster (epitel)

E85

Kylling (fjær)

E86

And (fjær)

E89

Kalkun (fjær)

E203

Mink (epitel)

E204

Bovint serumalbumin

E208

Chinchilla (epitel)

E209

Ørkenrotte (epitel)

E210

Rev (epitel)

E213

Papegøye (fjær)

E217

Ilder (epitel)

 

 

Midd

 

D1

Derm.Pteronyssinus

D2

Derm.Farinae

D70

Acarus Siro

D71

Lepidoglyphus destructor

D72

Tyrophagus putrescentiae

 

 

Parasitter

P1

Ascaris

P4

Anisakis

 

 

Trær

 

T1

Lønn

T2

Gråor

T3

Bjørk

T4

Hassel

T5

Bøk

T6

Einer

T7

Eik

T9

Oliventre

T12     

Selje

T15

Ask

T16

Furu

T206

Kastanjetre

 

 

Gress

 

G3

Hundegress

G4

Engsvingel

G5

Raigress

G6

Timotei

 

 

Urter

 

W5

Malurt

W6

Burot

W7

Prestekrage

W8

Løvetann

W18

Småsyre

W19

Veggurt

W20

Nesle (Brennesle)

 

 

Insekter

I1

Biegift

I3

Vepsegift

I6

Kakerlakk

I70     

Maur

I71

Mygg

I204   

Klegg

 

 

Legemidler

C1

Penicilloyl G

C2

Penicilloyl V

C5

Ampicilloyl

C6

Amoxicilloyl

C7

Cefaklor

C8

Chlorhexidine

C70

Insulin, porsin

C71

Insulin, bovin

C73

Insulin, human

C74

Gelatin, bovint

C202

Suxamethon

C207

Protamine

C260

Morfin

C261

Folkodin

 

 

Yrkesallergier

K75

Isocyanate TDI

K76

Isocyanate MDI

K77

Isocyanate HDI

K78

Etylenoksyd

K79

Ftalat

K80

Formalin/Formaldehyd

K81

Bjørkefiken

K82    

Lateks

K84

Solsikkefrø

K85

Kloramin T

K86    

TMA,Trimellitic anhydrid

K87

Alfa amylase

 

 

Muggsopp

M1

Penicillium notatum

M2

Cladosporium herbarum

M3

Aspergillus fumigatus

M4

Mucor racemosus

M5

Candida albicans

M6

Alternaria alternata

M12

Aureobastidum pullulans

M70

Pityrosporum orbiculare

M80

Staphyloc enterotox A

M81

Staphyloc enterotox B

M202

Cephalospor. acremonium

M223

Staphyloc enerotox C

M226

Staphyloc enterotox TSST

 

 

Annet

O70

Human sæd

O202  

Artemia salina

Z2

Tiopental

Z6

Phenazone

Z10

Glycin

Z17

PAPPC

Z18

Rocuronium

 

Kontakt

Har du spørsmål om allergianalysar? Ta gjerne kontakt på tlf 55 97 31 40

Linda Kvamme Ragnvaldsen, seksjonsleiar
Torunn Oveland Apelseth, fagansvarleg allergidiagnostikk
Thien van Do, spesialanalysar, Allergiforskingslaboratoriet

Søknad om prosjektsamarbeid

Våre analysar

› Total IgE
› Panel luftveisallergen (fx5)
› Panel matvareallergen (Phadiatop)
› Spesifikk IgE
› ECP
› Tryptase
› Histaminfrigjeringstest
› BAT