Forsking

Laboratorium for klinisk biokjemi, Haukeland universitetssjukehus, driver forskningsprosjekt  som omhandlar anafylaksi og allergiske reaksjonar samt ein generell biobank for allergianalyser.

Personer på bro
 

​Generell biobank for allergianalyser (REK nr:2016/577)


Forskningsprosjekt som nyttar generell biobank for allergianalyser


Mekanismer for anafylaksi [ANAMEK] (REK nr: 2016/1635)
Studien vil kartlegge ulike mekanismar for anafylaksi og identifisera biokjemiske markørar for slike reaksjonar for betre å kunne førebygga slike hendingar. Deltakarane er både vaksne og barn med anafylaksi som rekrutteras i forbindelse med laboratorieutredning av akutt anafylaksi.


Lymfocyttstimuleringstest til bruk ved diagnostikk av allergi mot beta-laktamer (REK nr: 2017/622)
Formålet med prosjektet er å undersøke om lymfocyttstimuleringstest kan nyttas som diagnostisk verktøy for å forbetre diagnostiseringa av betalaktam hypersensitivitet. Prosjektet skal gjennomføras som ein prospektiv pilotstudie.

Referanseområde og biologisk variasjon av tryptase og immunglobulin E
Formålet i prosjektet er å etablere eit referanseområde for tryptase og immunoglobulin E i hos friske med og utan allergi. Studien innebærer innsamling og analysering av tryptase og immunglobulin E i blodprøver frå friske.


 

Andre forskningsprosjekt:

Allergiske komplikasjonar ved plasmatransfusjon (REK nr: 2014/607)
Studien er ein prospektiv observasjonsstudie, der hensikta er å undersøke risiko for overføring av allergiantistoff (Immunglobulin E, IgE) ved transfusjon av plasmaholdige blodkomponentar. Deltakarane vil væra pasientar som får transfusjon ved hjertekarkirugi.
 
 
Infusjonsreaksjonar ved Infliksimab (Rek nr. 2014/1368)
Infliksimab er eit sjukdomsmodifiserande, biologisk legemiddel som nyttas i behandlinga av kroniske betennelsessjukdommar som revmatoid artritt, psoriasis, psoriasisgikt, Bekhterevs sjukdom og inflammatoriske tarmsjukdommar som Mb Crohn og Ulcerøs Colitt. I denne prospektive longitudinelle studien vil man kartlegge førekomst av legemiddelreaksjonar ved bruk av dette medikamentet. I tillegg vil man sjå nærare på risikofaktorar og immunologiske mekanismar for infusjonsreaksjonane.



Laboratorieanalyser av risikofaktorar for allergiske reaksjonar ved serumproteinmangel (Rek nr: 2015/877)
Proteinmangel, som t.d. IgA mangel, er en risikofaktor for anafylaksi ved behandling med blodtransfusjon eller blodderivat som intravenøst immunglobulin (IvIg). Studien undersøker laboratoriemetodar for utredning av risiko for alvorlig allergisk reaksjon hos pasientar med proteinmangel.


Blodgjevarrelaterte risikofaktorar ved allergisk transfusjonsreaksjon (REK nr: 2016/306)
Ved behandlingsrelaterte allergiske reaksjonar generelt, og ved allergiske komplikasjonar til blodprodukt og blodtransfusjon spesielt, er dagens tilgjengelige analysemetodar ikkje alltid tilstrekkelig til å avdekke mekanisme eller identifisera utløysande årsak. I denne studien vil man undersøke blodgjevar-relaterte risikofaktorar for allergisk/immunologisk reaksjon på blodtransfusjon og evaluere bruk av biokjemiske markørar for å identifisera desse.


 

Samarbeidsprosjekt

Anafylaksi og andre straks-allergiske reaksjonar under anestesi i Norge (REK nr: 2009/2124)
Anafylaksi er ein sjeldan men frykta komplikasjon under anestesi som kan føra til pasientskade eller død. Insidensa har vorte estimert til 1:5000 - 1:20000. Benyttes neuromuskulære blokkere (NMBAs) er insidensa enda høgare. Det er viktig å diagnostisera og utreda pasientar som har hatt ein anafylaktisk reaksjon, slik at ein i fremtida kan unngå ein liknande reaksjon. Utredninga har bl.a. føregått på Haukeland universitetssjukehus der pasientar med denne type reaksjon har vorte registert sidan 1997. Formålet med prosjektet er epidemiologisk forskning på førekomst av anafylaktiske reaksjonar under anestesi i Norge.
For meir informasjon om prosjektet, sjå lenke: http://nafweb.no/nara/