Anafylaksiregisteret

Anafylaksiregisteret er eit kvalitetsregister tilknytta Haukeland universitetssjukehus. Registeret har som mål å auke kunnskapen om anafylaksi og betre helsetenesta for dei som vert ramma.

Les meir om Anafylaksiregisteret

Anafylaksiregisteret

Anafylaksi kan få store negative konsekvensar for den pasienten det gjelder. Mangelfull utredning kan gje auka risiko for ny hending og usikkerhet omkring utløysande årsak til reaksjonen skaper frykt som kan gje redusert livskvalitet. Usikkerhet omkring utløysande årsak til behandlingsrelaterte anafylaksier kan også påvirke pasientens livsutsikter som følgje av avslutta eller endra behandling.

Anafylaksiregisteret er etablert for å overvåke handtering undervegs og i etterkant av akutt anafylaksi og for å bidra til at pasientar vert utreda og behandla etter gjeldande retningslinjer. Det skal bidra til å rette fokus mot effektiv initialbehandling og diagnostikk, oppfølgande allergologisk utredning og optimal informasjonsflyt mellom omsorgsnivåa, samt med pasientane og deres pårørande.  Resultatmål inkluderer svar på laboratorieanalyser, kliniske utfallsmål og pasientrapporterte effektmål.

Registeret har tre hovedmålsettingar:

  1. Å fremme en einhetlig diagnostikk og behandling av anafylaktiske reaksjonar.
  2. Å forbetre helsetenesta for pasientar med akutt anafylaksi, ved å registrere og måle resultat av diagnostiske tiltak og behandling.
  3. Å gje informasjon om førekomst og gjentagingsrisiko for anafylaksi samt overvåke og identifisere utløsande årsak til anafylaksi.

Organisasjon

Anafylaksiregisteret er en del av verksemda til Laboratorium for klinisk biokjemi, Laboratorieklinikken, Haukeland universitetssjukehus.

Registeret er eit lokalt kvalitetsregister godkjent av Personvernombodet ved Haukeland universitetssjukehus (Id nr: 2016/9007) og registrert ved Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest.

Leiar av registeret er overlege Torunn Oveland Apelseth ved Laboratorium for klinisk biokjemi.

Kontakt

Oppmøtestad
Anafylaksiregisteret er organisert under Laboratorium for klinisk biokjemi
Telefon
55973140 (praktiske spørsmål)
55973092 (faglege spørsmål)
  • Kva er anafylaksi?

    Anafylaksi defineras som ein alvorlig, livstrugande generalisert eller systemisk overfølsemdsreaksjon.

  • Akutt laboratorieutreiing

    Anafylaksi er ein klinisk diagnose, og blodprøvetaking må ikkje forhindre eller forsinke akutt behandling. Blodprøver kan midlertidig gje viktig informasjon, sjølv om dei ikkje blir analysert før i ettertid.

  • Behandling

    Behandlinga bør starte umiddelbart om ein mistenker ein anafylaktisk reaksjon. Tilkall hjelp om nødvendig. Fjern om mulig utløysande årsak.

  • Lenker

    Me har samla nokre lenker til andre nettstadar som kan være interessante for helsepersonell og/eller pasientar.

  • Forsking

    Laboratorium for klinisk biokjemi, Haukeland universitetssjukehus, driver forskningsprosjekt  som omhandlar anafylaksi og allergiske reaksjonar samt ein generell biobank for allergianalyser.